Endelausmarka sett frå lufta torsdag 24. mai, frå Søfteland retning Åsen. (Foto: Hawkeye AS for SVV)

Open dag utsett til over ferien

Ferske flyfoto frå Endelausmarka: Dette går vi glipp av i denne omgang.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag 15. mai opna 700 nye meter av Ulvenvegen med ein fin seremoni med musikk, talar og servering midt i vegen få timar før opning.

Prosjeksjef Sverre Ottesen frå Statens vegvesen annonserte då at dei ville ta publikum inn i Endelasmarka for omvising søndag 10. juni.

I går blei det klart at open dag er utsett til søndag 30. september.

Interesserte skulle bussast inn i området så dei kunne sjå kor langt arbeidet med ny E39 Svegatjørn-Rådal, der 1,1 av 11,8 km er ute i dagslys, ser ut.

I Endelausmarka er det komande nye næringsarealet Lyseparken nærmaste nabo.

• Les òg: Sånn kan Lyseparken bli (april 2018)

Frå Endelausmarka kjem òg ny fylkesveg vidare til Åsen, ein veg som er nærmast ferdig, og som seinare skal vidare til Helleskaret og kryss til Drange.

Mens du ventar på denne omvisinga kan du i bildeserien over sjå korleis det ser ut i området. Dronebilda er tatt 24. mai av Hawkeye AS for vegvesenet. I serien har vi lagt til illustrasjonar av Lyseparken presenterte av Abo plan- og arkitektur i april.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal