Kevin Kildal på scenen på Catten i fjor, då han vann comedy fight club. Fredag står han med soloshow på Empire. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Openhjarteleg og rå om eit «drittliv»

I påsken i fjor vann han comedy fight club på Catten - fredag stiller Kevin Kildal med soloshowet «Drittliv».

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osingen Jon Hægland frå Standup Bergen og Os-klubben Råkt Opp & Ned byr også i år på standup rundt påske - denne gong helga før palmehelga - og på Empire, i staden for Catten Nightclub.

– Eg ville testa Empire, som både har større kapasitet og eigen scene. Her kan vi få inn over 100, mot 80 på avdelinga vi tidlegare har boltra oss på hos Catten, seier Jon.

Med flytting til Empire er aldersgrensa òg redusert frå 20 til 18 år.

Valet av dato blei styrt av turneen til Kevin «Arnt Finésse» Kildal, som sidan i haust har reist landet rundt med sitt første soloshow, «Drittliv». Han har stått for fulle salar over heile landet. Laurdag blir det for fullsett Rick's, fredag har han show på Os.

«Morbid mesterverk» 

Kildal har drive med standup i fem år. Då han sto på Catten påsken 2017 var det i sin første innan «comedy fight club», og debutantet stakk av med ein solid siger.

• VIDEO: Sjå 6 minutt med høgdepunkt frå fightcluben

Før fighcluben var han kjent for å vera ein brutal nordlending utan grenser, i invitasjonen til showet ber han publikum «legga igjen sitt moralske kompass heime».

– Det var godt, men tøft å skriva tekstane. Godt fordi det gir rom for å skriva om noko som betyr noko, tøft fordi eg er personleg og ærleg. Eg snakkar om mørke, tabubelagte tema, om psykisk helse og om tap av nære familiemedlemmar.

– Kan alt spøkast med?

– Ja, om du gjer det på rett måte. Men eg ber folk legga det moralske kompasset sitt igjen heime, for eg utfordrar nokre tabuar.

Debuten var to fullsette show og terningkast 6 i Bodø. Seinare har han vore både sør og endå lengre nord i Noreg, og hausta gode kritikkar og tilbakemeldingar.

– No gler eg meg til å møta publikum i Bergen og Os. Dei er med på notane. Vi hadde ein episk kveld på Catten påsken 2017, og eg er spent på om eg ser mange av dei same igjen, og på den nye scenen eg skal stå på.