Næringsliv | 31. jan. 2011

Opna konkurs i dag

Johs Lunde Marine Group AS, som Henrik og Georg Askvik har gått til sak mot, er konkurs.

Opna konkurs i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. jan. 2011 14:13

Laurdag for ei veke sidan skreiv Finansavisen om pengekrava som hagla rundt Johs Lunde sitt selskap, Norsk Båtsenter.

I det same oppslaget fortalte dei om Henrik og Georg Askvik som går til sak mot Lunde Gruppen og Johs Lunde Marine Group AS.

Årsaka er at dei ikkje skal ha fått oppgjer for arbeidet dei gjorde for Lunde etter at han kjøpte over 240 Askeladden-båtar frå konkursbuet etter Henrik J. Askviks Sønner AS.

I dag blei det opna konkurs i Johs Lunde Marine Group AS, skriv Hegnar.no. Johs Lunde Marine Group AS eig 100 prosent av aksjane i blant anna Norsk Båtsenter AS og Bergen Båt AS.

Skiftesamlinga blir ifølgje DN.no halden i Stavanger tingrett i midten av mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.