Utvida og nyasfaltert parkeringsplass opna i Os sentrum i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Utvida parkeringsplass opna i dag

55 plassar - og fleire kjem: Etter tre dagar med asfaltering og merking har kapasiteten auka.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Frå søndag kveld til og med onsdag har parkeringsplassen på Circle K-tomta i Os sentrum vore stengt.

Plassen har, saman med tomta den gamle brannstasjonen sto på, blitt asfaltert og merkt.

På tomta der Circle K-stasjonen sto er det no 39 parkeringsplassar, inkludert 2 for rørstehemma.

På brannstasjonstomta er det 16 plassar.

– Det kjem fleire

Arbeidet med asfaltering og merking gjekk som planlagt.

– Vi vil merka av fire til, i enden mot rundkøyringa, fortel prosjektleiar Knut Olav Torsvik i Os kommune.

Arbeidet held fram med støyping, blant anna mellom parkeringsplassen og Byvegen. Inn- og utkøyring blir utelukkande ved rundkøyringa, tidlegare opning frå brannstasjonen direkte på Byvegen blir sperra.

Utover hausten held arbeidet fram med parkeringsplassar på øvste del av tomta. Her ligg det an til å bli 23 plassar.

Når desse er klare blir det i alt 82 plassar for heildagsparkering på dei to tomtene.

• Les òg: Bygger parkeringshus på grusplassen ved Os ungdomsskule

Fleire saker