Næringsliv | 26. okt. 2010

Opna opp mot elva

- Då vi såg kor flott Telthusplassen blei bestemte vi oss. No er endeleg døra på plass, seier Steinar Bøe.

Opna opp mot elva
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. okt. 2010 12:38

I juni i fjor sto den nye Telthusplassen ferdig. Leigetakar i Telthuskvartalet, Steinar Bøe i Instinct, fekk då lyst til å opna opp det som tidlegare var baksida av butikken.

- Heldigvis fekk eg butikkeigarane og byggherre med på det, seier Steinar om ombygginga som sto ferdig i førre veke.

Smilet er ekstra stort på Steinar tysdag, for i dag er det 39 år sidan butikken opna, og Steinar har vore med frå dag éin.

Folksam plass
Gjennom vindauga og gittera som tidlegare var i veggen mot Telthusplassen har Steinar registrert god bruk og fin trafikk forbi den nye plassen.

- Det er nokon som meiner Telthusplassen er litt bortgøymt, men eg ser at det er mange som tar seg ein pause her ved Baronselva, og når det er marknadsdagar eller Bondens dag så er det veldig stor trafikk forbi, mellom Kyrkjeflaten og sentrum.

To inngangar
Sjølv om han er nøgd med den nye inngangen blir den gamle døra frå Øyro framleis open.

- No blir det to inngangar og mogleg å setja ut salsvarer utanfor begge dørene. Så kan folk testa shortsane i Baronselva når våren kjem.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.