Ordførar Marie Bruarøy saman med mannskap frå Os brannvesen klar til å opna nye FV160 Ulvenvegen forbi Svegatjørn (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Opna Ulvenvegen

E39 Svegatjørn-Rådal • Ordførar Marie Bruarøy fekk æra av å opne den første vegen på det nye anlegget.

image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

I november 2015 blei fylkesveg 160 Ulvenvegen stengd for å gje plass til anleggsarbeidene med Skogafjellstunnellen ved Svegatjørn. Etter to og eit halvt års arbeid kunne ordførar Marie Bruarøy tysdag gjenopna fylkesvegen mellom Ulvenparken og Kolskogheiane.

– Fjellsida var så dårleg at natursteinsmuren langs fjellsida måtte byggast både lengre og høgare, fortalde byggeleiar Kari Bremnes frå Statens vegvesen då Midtsiden snakka med ho i byrjinga av mai.

Den nye fylkesvegen blir open for trafikk når opningsarrangementet er rydda vekk, truleg ein gong etter klokka 16.30 i ettermiddag.

Ulvenvegen får to gode køyrefelt og eigen gang- og sykkelveg. Midtvegs er det bygd ei rundkøyring.

Blir ny omkøyring på E39

Veidekke vil i løpet av dei neste par vekene gjera klar for ei ny midlertidig omkøyring på E39.

– Entreprenøren skal ferdigstilla nordre del av E39 Halhjemsvegen, mellom rundkøyringa ved Ulvenparken og ned mot der Halhjemsvegen var nærmast Svegatjørn, vis a vis Fløysand-bygget i Industrivegen.

Omkøyringa blir ei kort sløyfe oppom nye Ulvenvegen og på ny nedkøyringsrampe mot E39 under brua frå Industrivegen.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå opninga.

Fleire saker

  • Fekk mykje å jubla over

    22. juli 2018

    Lysekloster starta svakt mot Stord, men så slo den etterkvart berømte ketsjupeffekten inn.

  • Gøymde seg på taket

    22. juli 2018

    Oppdatert: To menn i 20-åra tok seg opp på taket på Hamnechefen. Den eine prøvde å gøyma seg for politiet då dei kom. Eigaren fann narkotika.

  • Tre har mista lappen på kort tid

    22. juli 2018

    Torsdag tok politiet for tredje gang på kort tid beslag i eit førarkort ved den nye Spar-butikken på Kloppamyra.

  • Tok skilta til gjengangar

    21. juli 2018

    Politiet klipte skilta på ein bil i Hegglandsdalen laurdag då føraren fleire ganger hadde køyrd utan lov.

  • Her blir podtellet levert

    21. juli 2018

    Bildeserie: No kan du overnatte i hamna uten å bli sjøsjuk av bølgene. – Eg reknar med at vi opnar måndag, seier Hans Parnefält.

  • Villaksen har «stempla inn» i fjorden

    21. juli 2018

    Lyttebøyar i fjorden avslører smolten frå Oselvo si vandring. 

  • Tørke, mattryggleik og jordvern

    21. juli 2018

    Lesarinnlegg: Tørkekrisa viser til fulle kvifor det er viktig å verna om matjorda vår, skriv Gisle Hesjedal.

  • – Blei dårleg då eg såg det

    20. juli 2018

    Kommunen ber foreldre og "nabokjerringa" halde auge med og sjekke leikeplassen før dei sender ungane dit.