Lokal | 23. aug. 2014

Opna ytste brygga

– Brygga er forsterka med ni nye pålar, seier Jarle Øvreeide frå Os Kaiservice.

Opna ytste brygga
Den skadde brygga er no reparert og forsterka. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. aug. 2014 09:09

Bildeserie:

Sånn såg det ut då Os Kaiservice starta. (Foto: KVB)
Sånn såg det ut då Os Kaiservice starta. (Foto: KVB)
Neste stykke ser ikkje skadd ut, men er no stengt av. (Foto: KVB)
Neste stykke ser ikkje skadd ut, men er no stengt av. (Foto: KVB)
... det er ikkje rart når pålane ser sånn ut. (Foto: KVB)
... det er ikkje rart når pålane ser sånn ut. (Foto: KVB)
1 av 3

Måndag 4. august starta arbeidet med å reparera gjestebrygga utanfor bustad- og næringskomplekset Vindu mot Fjorden i Hamnevegen.

Den ytste delen ramla delvis saman i romjula i fjor, no skal 60 pålar skiftast ut med nytt treverk behandla med kreosot.

– Fredag ettermiddag var vi ferdig med ytste del av brygga. I tillegg til å skifta alle pålane er brygga forsterka med ni nye, fortel Øvreeide.

Innanfor står brygga enno, men også der må pålar skiftast ut.

– Pålane er nesten heilt opp-eten av makk, men jobben kjem til å gå fortare på desse bryggene. No stenger vi del for del mens vi jobbar oss innover.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.