Lokal | 08. juni 2017

Opnar for betalt parkering i sentrum

Kommunen lanserer eit strammare parkeringsregime i Os sentrum med gratis parkering i to timar før taksameteret byrjar løpe.

Opnar for betalt parkering i sentrum
Kommunen foreslår eit nytt parkeringsregime, med to timar gratisparkering i sentrumskjerna (ill: Os kommune)
Andris Hamretorsdag 08. juni 2017 15:20

Bildeserie:

Dei oransje parkeringane er to timar, dei blå 8, 9 eller 10 timar gratisparkering (ill. Os kommune)
Dei oransje parkeringane er to timar, dei blå 8, 9 eller 10 timar gratisparkering (ill. Os kommune)
I sentrumsgatene og til parkeringa ved Esso/Os hamn vil ein innføra innfartsregistrering (ill. Os kommune)
I sentrumsgatene og til parkeringa ved Esso/Os hamn vil ein innføra innfartsregistrering (ill. Os kommune)
1 av 2

I saksutgreiinga til adhocutvalet for nytt parkeringshus/kollektivterminal, som skal ha møte fredag, kjem det fram at kommunen ønskjer å stramma opp att parkeringsregimet i Os sentrum.

Les òg: – Denne parkeringa fortener pallplass!

To timer gratis

Kommunen vil innføra ei generell parkering med 2 timar gratisparkering i sentrumskjerna. Deretter betaling per påløpte time.

– Parkeringsregime for gateparkering i Os sentrum vert avgrensa til ei sone: generell parkering med gratis 2 timar, deretter betaling per påløpte time. Progressiv takst der første time med betaling er rimelegast.

  • Området utanfor Oseana får også 2 timar gratis, deretter progressiv takst.
  • Området ved Os hamn/Esso får også 2 timar gratis, deretter progressiv takst.
  • Området ved Vognhallen får 8, 9 eller 10 timar gratis, deretter progressiv takst.
  • Området ved Ungdomsskulen si gymsal og Kløvertun får 8, 9 eller 10 timer gratis, deretter progressiv takst.

– For å unngå døgnparkering blir det lagt på ei ekstra avgift for parkering over natta, heiter det i saksutgreiinga.

Ifølgje saksframlegget vil det same gjelde el-køyretøy som kan nytta ladestasjon, men straum vil i praksis vera gratis.

Innfartsregistrering

På fire punkt, pluss parkeringa ved Esso-stasjonen, vil ein setta opp ei innfartsregistrering som «ser» kva bilar som køyrer inn og ut av sentrum.

– Registrering av køyretøy inn og ut av arealet skal føregå ved nummerlesning, og all betaling skjer via nett, applikasjon på mobil/nettbrett eller ved å fakturera eigaren av køyretøyet (jf. Dei nye parkeringsforskriftene). Parkeringsløysinga må kunna skilja på betalande køyretøy, og køyretøy med fritak (t.d. bebuarar eller næringsdrivande med private parkeringsareal).

På fotgjengarane sine premisser

Heile sentrumsområdet ønskjer kommunen å definera som «shared space», kor det kan parkerast, men med minimalt med skilting.

– Statens vegvesen definerer shared space som ein metode å planleggja trafikkareal på, der alle trafikantgrupper vert integrert og ivaretatt på same areal. Utforming etter shared space-prinsippet eignar seg i ein by eller ein tettstad der det er mange mjuke trafikantar, og stikkord for planlegging av arealet er låg fart og augekontakt. Dei mjuke trafikantane har førsteretten. Maxhastighet for køyrande; 20 km/t, forklarast det i utgreiinga.

Parkeringsløysing for handheving og betaling skal setjast ut på anbud, gjennom offentleg innkjøp. Det vil vera opp til tilbodsgivar å svara på kva for løysingar ein bør velja.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.