Næringsliv | 09. sep. 2009

Opnar for bøter

Os kommune vil stifta eit parkeringsselskap som skal ta hand om brot på 2-timarsregelen i sentrum. Eigedomsutviklar Terje Haugan meiner dette er eit viktig steg i rett retning.

Opnar for bøter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. sep. 2009 11:35

Bildeserie:

1 av 3

I møte i formannskapet førre tysdag heldt diskusjonen om parkering i Os sentrum fram.

No vil politikarane, ifølgje Os & Fusaposten laurdag, etablera eit kommunalt parkeringsselskap som frå nyttår skal handheva 2-timarsregelen i sentrum ved å gje bøter til dei som står for lenge.

- Å få orden med trafikk- og parkeringsforholda på Osøyro er det første som må på plass for å skapa eit meir attraktivt sentrum, både for leigetakarar og kundar, seier Terje Haugan.

Haugan er dagleg leiar i Bergen Eiendomsrådgivning AS, selskapet som har styringa med fondet BB Eiendom Invest I KS.

70 feilparkerte bilar
Då Os Sentrumsforening sjekka status på parkeringa i sentrum med eit noko spesielt stunt i 2004, sto minst 70 bilar feilparkert.

Desse fekk ei falsk bot, og reaksjonane kom, både til politiet, kommunen og sentrumsforeininga.

Seinare har bommar rundt rådhuset, som ikkje løftar seg før butikkane opnar, dempa litt av heildagsparkeringa på Osøyro.

- Problemstillinga har vore der lenge. Mangel på parkeringsplass er dessutan med på å skapa meir trafikk i sentrum, når bilane leiter etter plass, seier Haugan.

Fleire vil leiga
BB Eiendom Invest eig Oshjørnet, Buggegården, det gamle bankbygget og bygningen DnB NOR leiger i. Det høyrer parkeringsplassar til eigedomane.

- Plassane på framsida av banken er framleis for kundar og anna publikum, men på baksida leiger vi vekk plassar. I starten var det ikkje alle som hadde fått med seg dette, men no er det slutt på anarkiet ved elva, mellom Oshjørnet og det gamle bankbygget.

16 av 33 plassar er leigd ut, nokre til dei som bur i dei 9 husværa på Oshjørnet, andre til eigne leigetakarar av næringslokale. Plassane kan leigast i 3 eller 12 månadar i slengen.

- Fleire kjem nok til no når det blir handheving i sentrum, trur Haugan.

Også bak Bjørnegården, mot elva, blir det leigd ut private plassar. Ifølgje Haugan har Profier nokre få ledige plassar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.