Lokal | 30. sep. 2020

Opnar for fest og fotball

Regjeringa lettar på smitteverntiltaka.

Opnar for fest og fotball
Simen Næss og Rune Mo i duell i 2019. No kan Lysekloster og Os planlegga treningskampar frå 12. oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. sep. 2020 10:19

Regjeringa opnar for trening med nærkontakt for vaksne frå 20 år og opp, i 2. divisjon kvinner og 3. divisjon herrar, frå 12. oktober.

Det betyr at handballsesongen, som er utsett tre gongar til no, kan koma i november, som nyleg planlagt.

Fotballen kan planlegga treningskampar i oppkøyringa til 2021-sesongen. Måndag blei det dessutan bestemt at ingen rykker ned frå PostNord-ligaen (2. divisjon). Dermed startar Norsk Tipping-ligaen der den sleppte taket hausten 2019.

Skjenkestopp klokka 12 opphøyrer frå natt til 13. oktober. Samtidig blir det opna for utandørs arrangement for inntil 600 personar.

Då blir sjansen noko større for å skaffa seg billett til Brann-kamp, om du vil sjå Kolskogen og, etter kvart, Skeie i aksjon. Samtidig som ein utandørs arena med plass til rundt 17.000, og 12 ulike inngangar, kanskje burde fått lov å ta imot fleire.

Innandørs gjeld framleis regelen om maks 200 gjestar.

Natt til 13. oktober kan Bjarte Andersen skjenka til klokka 03 igjen. (Foto: KVB)
Natt til 13. oktober kan Bjarte Andersen skjenka til klokka 03 igjen. (Foto: KVB)

Dette er blant det som er presentert til no i regjeringa sin pressekonferanse i dag. Sjå video frå pressekonferansen på regjeringen.no.

Statsminister Erna Solberg, helse- og omsorgsminister Bent Høie og kultur- og likestillingsminister Abid Raja informerer pressen.

Bjørn Guldvog frå Helsedirektoratet og Line Vold frå Folkehelseinstituttet deltar òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.