Næringsliv | 25. mars 2011

Opnar fredag

I dag opnar Playcom i AMFI Os, med Tor Owe Rennemo bak disken.

Opnar fredag
Andris Hamrefredag 25. mars 2011 07:57

Då Tor Owe Rennemo 28. februar stengte platesjappa si etter 20 år på Amfi blei han klappa ut av butikken av gode venar og kundar.

I dag klappar dei nok igjen, for bak disken i Playcom, som opnar fredag 25. mars, står den same Tor Owe.

Rennemo går frå å vera eigar av eigen butikk til "berre" å vera butikksjef for butikkjeden Playcom.

- Det blir veldig, veldig, veldig bra, seier ein nøgd butikksjef.

Playcom opnar i lokalet i 2. etasje som Diddy Toys flytta ut av.

- Ein draum

Han beskriv den nye butikken som ein draum.

- Berre sjå det utvalet. Det er heilt fantastisk å skulle jobba i ein sånn butikk med så mykje å velja i.

Sjølv om prisane har gått ned og utvalet opp er det ein ting som står fast. Tor Owe sin kunnskap og evne til å hjelpa kunden i val av musikk.

- Korleis har tilbakemeldingane vore etter at det blei kjent at du skulle starta opp att?

- Det har vore mykje positiv respons, fortel ein litt flau butikksjef.

Tor Owe blir ikkje åleine i den nye butikken.

- I tillegg til meg på fulltid, blir det tre deltidstilsette som delar ei full stilling, fortalte Rennemo i går, dagen før opning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.