Lokal | 18. des. 2014

Opnar fredag

Kommunen reknar med å opne Ole Bulls veg over Søvikåsen fredag.

Opnar fredag
Ole Bullsveg over Søvikåsen opnar fredag 19. desember etter å ha vore stengt sidan 29. september (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 18. des. 2014 11:09

29. september stengde kommunen Ole Bulls veg over Søvikåsen for å rassikra den. Først var planen å halde den stengt i sju veker, men opning har blitt utsatt fleire gonger.

28. november opplyste kommunen at vegen ville bli stengd fram til fredag 19. desember.

– Det står ved lag. Det er inga endring på det.

– Vi reknar med å opna vegen i morgon, fortel leiar for prosjektavdelinga i Os kommune, Tor Inge Døsen.

Meir sikringsarbeid må til

Sjølv om vegen opnar fredag, så er dei ikkje ferdige med alt sikringsarbeidet som skal til.

– Det har vore eit omfattande arbeid.

– Vi har sprengt og spylt vekk lause masser.

– Vi har òg gravd opp vegen for å sjekke at fundamenta den står på er trygge. Det meiner vi dei er.

– Framleis vil det stå att noko sikringsarbeid når vi opnar vegen, men det tek vi over nyttår.

– Då vil vi freiste å gjera resten uten å måtte stenga vegen, avslutter Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.