Lokal | 27. mai 2020

Opnar for fulle klasserom igjen

Kan få tilnærma normal skuledrift frå neste veke.

Opnar for fulle klasserom igjen
Det går frå raudt til gult nivå i Noreg neste veke, truleg òg i Bjørnafjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. mai 2020 20:00

Fredag 13. mars blei alle skulande stengde grunna smitteverntiltak, måndag 27. april var 1. til 4. trinn tilbake og måndag 11. mai var det 5. til 10. trinn sin tur.

Men dei eldste elevane har til no fått redusert tilbod, anten med færre dagar enn normalt, eller med halve skuledagar heime og i klasserommet.

Under dagens pressekonferanse med regjeringa opplyste kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) at det fredag kjem nye rettleiarar for barnehagar, barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular.

– Dette betyr at vi kan ha alle elevane i klasseromma igjen frå tysdag 2. juni (1. juni er andre pinsedag og skulefri), og det kan vera ope mellom avdelingane i barnehagane. Og vi kan ha fulle skuledagar.

– Vi oppmodar om å følgja éinmetersregelen utanfor klasseromma, men den gjeld ikkje i klasseromma, sa Melby.

Men det blir med lokale forskjellar.

– Det er lokale helsestyresmakter som avgjer, ikkje leiinga på kvar enkelt skule, sa Melby.

Fagsjef for skulane i Bjørnafjorden kommune, Per Olav Sørås, seier dei nye vegleiarane truleg blir tatt opp i møte når dei kjem i morgon.

– Om det opnar for tilnærma normal skuledag, vil eg tru vi kjem raskt i gang hos oss, sidan vi ikkje har hatt smittetilfelle i Bjørnafjorden sidan påske. Men det er ikkje eg som avgjer dette, det er kommunal kriseleiing som fattar avgjerd, seier Sørås til Midtsiden onsdag kveld.

Grøn, gul eller raud status

Regjeringa innfører noko dei kallar trafikklysmodell for type barnehage- og skuledrift etter kva smittenivå det er i kvar kommune.

Den måten vi barnehagar og skular blir drivne i dag, tilsvarar raudt nivå. Frå neste veke vil dei fleste over på gult nivå, mens grønt nivå er slik skuledagen var før korona.

For vidaregåande skular vil det koma eigne retningslinjer.

– Eg er stolt over å representera ein sektor som har vist så stor evne til omstilling som det barnehagar og skular har gjort dei siste månadane, og eg er klar over at det er krevjande med ein ny runde med omstilling.

– Eg er òg klar over at det er mange born som skal ha skulestart til hausten, som har fått avlyst besøk på skulen dei skal starta på, og som er spente og kanskje usikre på kva som ventar dei. Men no ser det ut som om vi får ein vanleg skulestart til hausten, at klassen får møta samla når dei skal helsa på kvarandre og læraren sin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.