Lokal | 05. mai 2020

Opnar for gudstenester igjen

Bransjestandarden for smitteverntiltak har kome.

Opnar for gudstenester igjen
Os kyrkje. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. mai 2020 14:01
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Fredag 13. mars blei alle arrangent i Os kyrkjelyd avlyst, med unntak av gravferd for begrensa følgje. Veka etter blei alle konfirmasjonar utsette til hausten.

I dag fortel sokneprest Margrethe Holmboe Askeland at kyrkja gjer klar for å opna for gudstenester og kyrkjeleg verksemd igjen.

– I dag fekk vi bransjestandarden for smitteverntiltak for gudstenester. Om nokre dagar kjem standarden for arbeid med born og unge, fortel Askeland.

– Men det er ein del som skal på plass før vi kan samlast til gudsteneste igjen.

Det betyr at det ikkje vert gudsteneste i Os søndag 10. mai. I staden vert også denne søndagen ein nettandakt, denne gong med Gro Helen Skjælaaen, som har laga eit opplegg for og med familiar.

– Vi vil òg anbefala å følgja NRK si overføring av gudstenesta med vigsling av Olav Fykse Tveit til biskop.

Samtidig er personar frå stab, fagforeiningar og soknerådet i gang med å sjå på kva bransjestandarden konkret betyr, og kva tiltak som trengs for å starta opp igjen på ein trygg måte.

– Tidleg i neste veke vil vi ha oversikt over dette. Dei som har planar om dåp og bryllaup kan allereie no kontakta kyrkjekontoret, seier soknepresten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.