Næringsliv | 25. feb. 2010

Opnar igjen

Bohus, som i går måtte stenga grunna snømengder som gav taktrøbbel, opnar igjen i dag.

Opnar igjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2010 08:47

Onsdag klokka 13.40 kom det eit brak frå taket i butikken til Bohus. Etter at byggmeister hadde vore på synfaring blei butikken stengt, og mannskap leigd inn for å rydda taket for snø.

- Det blei snømoking til rundt klokka 22, fortel logistikksjef Kjell Engelsen Moberg.

Opnar igjen
Sjølv om det er synlege skadar i butikken etter at taket gav etter, har Bohus ope som normalt i dag.

- Ifølgje dei som bygde butikken skal taket vera så fleksibelt at det tålar å bevega seg slik det gjorde i går. Men vi skal sjekka at ikkje taket har fått opningar som kan gje vasslekkasje, seier Moberg.

Det som er av småskadar på skiljeveggar blir retta opp igjen utan at butikken blir stengt.

- I tillegg vil vi moka taket på lageret. Der har vi førebels ingen symptom på at taket har gjeve etter for snømengda, men det held med éin slik episode i denne omgangen, seier Kjell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.