Lokal | 02. aug. 2017

Opnar for indre trasé på ny

E39 Stord-Os: Terje Breivik og Hordaland Venstre ønskjer å få utgreidd indre trasé som eit alternativ til midtre.

Opnar for indre trasé på ny
Terje Breivik, V, vitja onsdag Øyane og fekk sjå skjærgarden og dei aktuelle ilandføringspunkta på Os-sida (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 02. aug. 2017 14:21

Onsdag vitja Hordaland Venstre sin stortingsrepresentant og førstekandidat ved stortingsvalet i haust, Terje Breivik, partikollegaer og brumotstandarar i Øyane for med sjølvsyn å få sjå skjærgarden og aktuelle landingspunkt for bru over Bjørnafjorden.

– Eg har ikkje vore å sett før no. Det er nyttig for oss som er politikarar som skal ta stilling i saker å få sett med eigne auge og få eit fysisk inntrykk av korleis ting ser ut. Vi hadde ein flott båttur, fortalde Breivik då dei kom til land igjen ved Røttingøy sitt anlegg.

Hordfast står fast, men ...

Breivik er tydeleg på at dei framleis støttar Hordfast, men at han er uroa for den kostnadsauken som har kome.

– Hordfast står fast men ei slik kostnadseskalering vi har sett på dette trasévalet, og med dei naturinngrepa den midtre traseen medfører uroer.

– No viser kalkylane 43 milliardar. Det er sagt at ein kanskje kan spara 7-8 milliardar med ulike grep, men det er allereie før ein set spaden i jorda. Ein risikerer når ein får enno meir detaljert kunnskap at dei eskalerer ytterlegare igjen. Då må ein uansett ta ein stopp i bakken.

Vil ta opp indre trasé igjen

Grunna dette vil han ta initiativ til å få utgreidd indre trase igjen.

– Med det kostnadsbilete ein ser for midtre trasé vil det nesten vera uansvarleg å ikkje utgreie indre trasé ytterlegare for å sjå kva kostnadsbilete den har per tid.

– Då vil ein eventuell stopp heller kanskje ikkje bli så stor, om ein allereie har utgreidd eit alternativ, sa stortingsrepresentanten.

– Tyder det at Hordaland Venstre vil ta dette opp på nytt?

– Ja, vi vil ta initiativ i stortinget allereie i haust for å sette av midler til utgreiing av indre trasé. Det vil vera ein svært liten, men naudsynt kostnad, så dyrt som prosjektet er på dette stadiet. Også når ein ser kostnaden opp mot naturinngrepa, avslutta Breivik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.