Kultur | 19. des. 2009

Opnar ny pub

Kinamat blir erstatta av pinnekjøtt, akevitt og LIVE-musikk. Laurdag er det nyopning av Julepuben med C.J. Marvin på scenen. (Oppdatert)

Opnar ny pub
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. des. 2009 08:02

Bildeserie:

1 av 2

Kinarestauranten i Brugata har lagt ned og gjengen som driv Bar2Be har overtatt som leigetakar av lokalet.

- Vi tenkte at vi i første omgang skulle laga ein julepub, ein pynta, koseleg serveringsstad med pinnekjøtt, riskrem, seidel-øl og akevitt på menyen, seier Marianne Curtis.

Marvin på opningsdagen
Innspurten har vore hektisk, med drift av Bar2Be ved sida av, men ho meiner Julepuben skal bli klar til opning laurdag kveld klokka 20.

- Vi har litt arbeid igjen med innreiinga, men vi skal rekka å opna laurdag.

- C.J. Marvin kjem og spelar for oss opningskvelden. Pianoentertaineren Marvin (frå Australia/Italia) har turnert i Noreg den siste tida og er blant anna kjent for Elton John-showet sitt, fortel Marianne.

LIVE-musikk kvar dag
Juleloftet skal halda ope kvar dag frå klokka 20 (ikkje 12, retta klokkeslett grunna bemanning) heile jula, bortsett frå julaftan. Medan det blir julemat, gløgg og kakao på dagtid, blir det 20 års aldersgrense, pub og LIVE-musikk om kveldane.

- Førebels program har C.J. Marvin med Elton John-showet sitt 19. og 26. desember, vokalist og gitarist Calle Hamre 25. og 27. desember.

- Vi håpar Julepuben kan bli ein tradisjon i mange år fremover!

Kva skjer etter jul?
Julepuben skal ikkje heita Julepuben etter at jula er over. Drivarane har andre planar for lokalet resten av året.

- Korleis vi vil bruka lokalet seinare vil eg ikkje seia enno, det får bli ei overrasking når det nærmar seg opning av ny stad, seier Curtis.

Om Julepuben blir Viseloftet, eit begrep fleire osingar har fått høyra om den siste tida, gjenstår å sjå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.