Næringsliv | 22. des. 2010

Opnar nytt gym i Os

Sprek og Blid startar treningssenter nummer to i Os, ein døgnopen filial i nytt lokale.

Opnar nytt gym i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. des. 2010 12:28

Sprek og Blid Os utvidar i Os Næringspark med eigen avdeling på gateplan.

- Vi overtar lokalet Fløysand Blikk flytter ut av, på gateplan nærmast Byvegen, og opnar ei avdeling med låg bemanning, låg pris og kort bindingstid, fortel dagleg leiar Toril Dale.

- Sjølv om 17. mai er den einaste dagen i året vi har stengt i eksisterande senter, er det alltid nokon som vil trena tidlegare eller seinare for eksempel ein søndag eller ein helligdag. I den nye avdelinga kan medlemmane trena akkurat kor tid dei vil.

Trening døgnet rundt
Den nye avdelinga skal ha styrkeapparat, frivekter og mosjonsapparater som tredemølle og andre kardio-maskiner.

Medlemmane låser seg inn med nøkkelkort, kor tid dei vil på døgnet, tar seg ei økt og går.

- De er ikkje redde for misbruk, at folk tar med seg venar utan treningskort, eller tar seg eit nachspiel i lokalet?

- Erfaringer frå andre senter med tilsvarande løysing viser at det er svært sjeldan folk misbruker tilliten. Avdelinga kjem til å ha 18 års aldersgrense og overvakingskamera, så om det er nokon som finn på noko tull så har vi sjanse til å koma med ein reaksjon.

Eksisterande medlemmar, som Sprek og Blid Os no har rundt 1800 av, treng berre å kjøpa nøkkelkort for å få bruka den nye avdelinga. I tillegg blir det selt eigne, rimelege medlemsskap som kun gjeld denne sjølvbetjente filialen.

Nytt utstyr
Rett over nyttår startar oppussinga av lokalet, som er 300 kvadratmeter stort. Så skal avdelinga fyllast med både utstyr frå eksisterande senter og ein del nye apparat.

- Vi bestiller inn ein del nytt, både til den nye avdelinga og til eksisterande lokale, så det blir litt ommøblering i hovudsenteret også no i vinter.

Målet er å opna den nye avdelinga 1. mars neste år.

- Jula varer nesten til påske, så dette blir vår julegåve til osingane, avsluttar Toril Dale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.