Lokal | 25. des. 2010

Opnar pakkane i dag

Romjulsportrett, Henrik Askvik: Feirar jul i Glasgow, sel godt med båtar og er betre enn Rolf Bøyum i squash.

Opnar pakkane i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. des. 2010 09:47

Askeladden Boats AS er snart ferdig med sitt første heile år i drift. Selskapet blei starta våren 2009, med 30 tilsette, og auka etter ei stund til 55.

I haust blei det permittering av 12 tilsette etter eit noko svakare sal av småbåtar enn venta, men 9 av desse skal tilbake i jobb over nyttår.

- Dei tre siste tar vi inn igjen i produksjonen i mars. Det ser lovande ut for 2011, akkurat no har vi dobbelt så stor ordrereserve som i fjor på denne tida, seier Henrik.

Tre nye neste år?
Askeladden P66 Pilothouse, som blei lansert tidlegare i år, blei ein braksuksess, med nesten 100 selte båtar.

På båtmessa i Bergen i febrar neste år skal Askeladden Boats lansera P66 Weekender, på båtmessa i Oslo månaden etter skal nok ein ny Askeladden avdukast.

- Salet av større båtar har vore bra, også i år. Kanskje blir det lansert tre nye båtar neste år.

Opnar pakkane i dag
Henrik er gift med skotske Susan, og i år tar familien juleferinga i Glasgow.

- Pinnekjøtt og akevitt er erstatta med kalkun og whiskey, men det gjer ingenting, det er akkurat like godt, synes Askvik.

Både han og ungane har vent seg til at dei ved feiring i Skottland også må venta til 1. juledag med å opna presangane.

- Til gjengjeld blir presangane opna om morgonen, noko som er minst like barnevennlig som å venta til kvelden.

10 KJAPPE MED HENRIK ASKVIK:

1. Korleis blir romjula di i år?

- Vi skal nok på fotballkamp. Sidan eg er protestant burde eg vel sett Rangers, men Susan er katolikk, så for husafreden si skuld blir det nok ein Celtic-kamp. Når vi kjem heim til Os vil eg på romjulsblues i Fjellheim, eg får håpa nokon skaffar meg billettar medan eg er vekke.

2. Er det noko du skulle ønskja du hadde tid til mellom jul og nyttår, men som du ser ikkje blir noko av i år?

- Eg liker å stå på ski, men har ikkje starta sesongen enno. Det ser eg fram til!

3. Kva er det kjekkaste som har skjedd deg i 2010?

- Det må nok vera suksessen til P66 Pilothouse.

4. Kva ser du mest fram til i 2011/året som kjem?

- Det handlar nok framleis om båt, lanseringane i starten av året ser eg allereie fram til.

5. Om du skulle hatt ein heilt annan jobb, kva skulle det vore?

- Då ville eg jaggu ha satsa på ein jobb i Nordsjøen. Å få fellesferie kvar gong eg hadde jobba i to veker ville vore luksus.

6. Er det noko du er veldig flink til, som dei fleste som kjenner deg ikkje veit om?

- Eg er ganske god i fotballtennis, og på å slå Rolf Bøyum i squash. Rolf smugtrener litt, men eg slår han på teknikk og innsatsvilje.

7. Om du kunne ønskja deg ein eigenskap, kva skulle det vore?

- Å synga og spela. Far min var stødig på fele, men eg har dessverre ikkje arva noko av det musikalske av han.

8. Er det ein plass i Os som betyr ekstra mykje for deg? I så fall, kvifor?

- Ullsund er ein plass eg har mange gode minner frå, seier Henrik, om friluftsområdet utanfor Askvik der han var med å få reist ein Vidar Mæland-skulptur for nokre år sidan.

9. Om Midtsiden spanderte reisa – kvar gjekk turen?

- Då ville eg reist på safari i Sør-Afrika.

10. Du skal vera åleine på ei aude øy, utan straum og trådlaust nett, i ein månad. Kva tar du med deg, om mat og drikke er ordna med?

- Ein Askeladden Z8 og ei fiskestang.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.