Lokal | 25. mai 2010

Opnar salet av fiskekort

Til helga startar salet av fiskekort i nedste del av Oselvo, medan opningsnatta er to veker seinare enn i fjor.

Opnar salet av fiskekort
Andris Hamretirsdag 25. mai 2010 20:59

Os Jakt og Fiskelag starta salet av «Kremrettane» under Fritt og Vilt-messa i Grieghallen i april. No opnar dei salet for resten av fiskarane.

- Salet har ikkje vore allverda enno, men det plar det heller ikkje vera før det nærmar seg opning av elva, seier leiar i fiskeutvalet Einar Sørstrønen.

- Av erfaring veit vi at salet ikkje tar av før folk byrjar sjå fisk i elva. Eg håper det skal bli ein bra sesong med god vannføring og godt med fisk, seier Sørstrønen som oppfordrar folk til å løpa og kjøpa når fiskekorta blir lagt ut for sal førstkomande måndag.

Fiskekorta kan du kjøpa på MX Sport på Amfi Os.

Mindre fisk
Rapporten som Rågivende Biologer AS har kome med frå fangsten i 2009 visar ein nedgang i mengd fisk som blei tatt opp.

I 2009 blei det tatt 96 laks (snittvekt 2,4 kg) og 35 sjøaure (snittvekt 1 kg) mot gjennomsnittleg årsfangst på 159 laks og 273 sjøaure dei siste tredve åra. Reduksjonen er generell for regionen og ikkje særeigen for Oselvo.

Færre elver - færre dagar
Fleire lakseelver i Hordaland blir stengt for fiske denne sesongen. Nokre er stengt, eller har fått pålegg av fylkesmannen å redusera fisketida, i Etneelva er det grunneigarane som har vedtatt (mot éi stemme) å stenga i år.

I Oselvo startar fisket 15. juni, to veker seinare enn kva som har vore vanleg dei seinare åra.

- Vi satsar på å få 92 fine dagar med fiske fram til 15. september, seier Sørstrønen.

Til medlemmane først
Dagen før salet opnar på MX Sport riggar fiskeutvalet seg til i Ulvehiet. Då får medlemmane i Os Jakt og Fiskelag forsyna segav kort.

Frå klokka 15 får æresmedlemane og pensjonistane handla, frå klokka 16 dei som har vore med på dugnad og frå klokka 17 resten av medlemane.

Kven som får sleppa til i elva den første natta (15. juni) vil bli trekt klokka 16 den same sundagen.

Samleside:
Alle saker om jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.