Lokal | 20. jan. 2021

Opnar for skjenking frå fredag

Følgjer den nye, nasjonale regelen.

Opnar for skjenking frå fredag
Ordførar Trine Lindborg (Ap). (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. jan. 2021 08:09

Etter at Frp sitt forslag i går fekk fleirtal på Stortinget, er det opp til kommunar med lågt smittetrykk å opna for alkoholservering igjen.

No er det klart at Bjørnafjorden kommune, som berre har hatt eitt smittetilfelle sidan 8. januar, opnar for skjenking.

Eventull skjenking er i samband med matservering.

– Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane. Frå fredag kan difor serveringsstader i kommunen vår skjenke alkohol i samband med matservering, i tråd med det regjeringa vedtok i går. Gjestar slepp inn til og med klokka 22, og det er skjenkestopp ved midnatt, seier ordførar Trine Lindborg (Ap) i ei pressemelding i dag.

– Vi kan følgja dei nasjonale skjenkereglane fordi vi har lågt smittetrykk. Dette kan fort snu. Difor er det viktig at vi held fram med å halde avstand og følgje smittevernreglane, slik at vi unngår nye smittebølger.

Dette er dei same nasjonale reglane for skjenking som vi hadde før 4. januar.

– Dette er godt nytt for serveringsbransjen, og eit varsamt steg i retning av ein meir normal kvardag – og ikkje minst helg – for både serveringsstader og kulturlivet i regionen, seier Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.