Lokal | 26. sep. 2017

Opnar slangane på Moberg

Laurdag blir det igjen open brannstasjon på Moberg. – Vi har flytta arrangementet ei veke på grunn av sykkel-VM. No håper vi mange nyttar sykkelen opp her.

Opnar slangane på Moberg
Laurdag kan barn og unge få testa og sjå utstyret på brannstasjonen. Her frå arrangementet i fjor (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 26. sep. 2017 07:24

I resten av landet blei brannvernveka arrangert førre veke, med open brannstasjon sist laurdag, men i Hordaland har brannvesenet vald å flytta arrangementa til denne veka.

– Det skuldast sykkel-VM, kor vi sto i beredskap. Difor blir det open brannstasjon og beredskapssenter på Moberg førstkommande laurdag mellom 11 og 14, fortel Anne Kjersti Storebø, leiar førebyggande avdeling i Os brann- og redningsvesen.

Ta sykkelen

Parkering har alltid vore ei utfordring i samband med det populære arrangementet.

– Kanskje osingane kan forlenge sykkelfesten med å ta sykkelen i staden for bilen opp her på laurdag. Vi har eit godt samarbeid med Kiwi og får nytte nokre av parkeringsplassane der, men det blir fort veldig fullt.

– Ein ting folk ikkje må gjera er å parkere langs vegen ned mot Kuvågen og Kuhnle. Det er det ikkje plass til. I staden oppmodar vi alle til å sykle, gå eller ta bussen opp på Moberg.

Aktiviteter heile dagen

I beredskapssenteret vil det gå føre seg aktiviteter heile dagen.

– Det er jo Bondens dag på Osøyro laurdag, så vi håper folk fordeler seg litt utover dagen. Alle treng ikkje vera her på brannstasjonen klokka 11.

– Det blir aktivitetar heile dagen. Barn kan ta med bamsen eller dokka si, då Legevakten har sykestue for dei som treng tilsyn og pleie. Ambulansen er stasjonert i beredskapsbygget, har dei ledig kapasitet får vi nok sjå bil og personell. I tillegg til brannvesenet så stiller politet om dei ikkje er oppteke i andre oppdrag, seier Storebø.

Tre av fire utan brannøving heime

Tre av fire familiar har aldri hatt brannøving heime, ifølge ei ny undersøking. Branntryggleik i heimen er difor hovudtema under brannvernveka og på den opne brannstasjonen.

- Open brannstasjon har blitt en fin tradisjon som gir oss eit unikt høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til eit interessert publikum. Vi gleder oss, og håper mange kjem på besøk, seier Storebø.

- Det uroar oss veldig at så mange ikkje har trena på kva ein skal gjere ved brann. Det er for seint å oppdage at teori og praksis ikkje stemmer overeins når kjøkenet eller stova står i full fyr. Eit lite branntilløp utviklar seg raskt til full overtenning, så her må alle handle riktig frå første stund, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If, som saman med Norsk brannvernforening, Direktoratet for sivil beredskap og lokalt brannvesen står bak brannvernveka.

Få avtaler møtestad

Berre ti prosent av husstandar med to eller fleire personar har avtalt møtestad utandørs i tilfelle brann, ifølgje spørjeundersøkinga. Dette skremmer brannvesenet:

- Ved brann blir det fort kaotisk, og det er lett å komme bort frå kvarandre. For oss i brannvesenet er det eit skrekkscenario at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leite etter familiemedlemmar som kanskje har kome seg ut andre vegar. Derfor er det å avtale ein fast møtestad utanfor bustaden noko av det enklaste og viktigaste ein kan gjere, seier Anne Kjersti Storebø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.