Næringsliv | 08. juni 2010

- Opnar snart for alle

Medan 100 ventar på båtplass i Oselvo skal Os Sjøfront selja 200 båtplassar på utsida av Osbrua, bak ein molo som snart blir forlenga med 120 meter.

- Opnar snart for alle
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. juni 2010 11:36

Rundt 100 båteigarar står i kø for å få ein av dei 33 båtplassane Os kommune leiger ut i tre pirar i Oselvo. Samstundes skal Os Sjøfront selja 200 båtplassar på utsida av Osbrua, minst 100 av dei til folk som ikkje skal bu i det nye prosjektet på Mobergsneset.

- Vi gjev forkjøpsrett til dei som kjøper husvære i Os Sjøfront, men i eit kompromiss som blei inngått før godkjenning av reguleringsplanen heiter det at minst halvparten av dei 200 båtplassane vi får kapasitet til å bygga skal seljast til osingar og andre som ikkje kjøper i Os Sjøfront, seier Tor Inge Døsen.

- Før vi starta var det fleire som frykta at Os skulle bli oversvømt av bergensarar i Os Sjøfront-prosjektet, men slik ser det ikkje ut til å bli. Mange av dei som har kjøpt til no er osingar som flyttar på seg, frå einebustad til noko enklare nærmare sjøen.

Fristen går ut i sommar
Dei som til no har kjøpt husvære i Os Sjøfront, der 14 einingar til no er selt, har fått frist til å melda interesse for båtplass innan 1. august.

- Etter dette opnar det for sal til alle, også på dei 100 som vi har til eigne kundar.

Førebels har Os Sjøfront ein del kjøparar som også vil ha båtplass, men ikkje blitt nedringt av andre.

- Men vi har heller ikkje annonsert at vi har byrja å selja båtplassar.

Sal og utleige
Båtplassane i Os Sjøfront skal seljast eller leigast vekk. Prisen på utleige er ikkje sett, medan prisen om du vil kjøpa ein båtplass ligg på mellom 150.000 kroner og 250.000 kroner, avhengig av kor lang og brei plass du treng.

- Det ser ikkje ut som om det blir bygd særleg mange fleire naust i Os i tida som kjem, så båtplassar kjem til å auka i verdi med åra. Skal du kapitalisera 150.000 kroner så kjem du fort på ein minst like fin pris som dei 8.000-10.000 kronene som mange betalar i dag, seier Døsen.

Forlenger moloen med 120 meter
Det har vore snakk om å forlenga moloen som Os Sjøfront har bygd. Førebels blir den ikkje fylt ut med rundt 50 meter slik det var snakk om, men med ny bølgjebrytar i dobbel lengd skal hamna likevel bli betre skjerma.

- Vi har bestilt ein bølgjebrytar, ei 120 meter lang betongbrygge, som vi vil testa ut gjennom hausten og vinteren.

Denne blir slept frå Rogaland til Os over sommaren.

- Kor tid blir dei første båtplassane lagt ut?

- Vi bygger marinaen etter kva vi sel, og legg nok ut dei første bryggene sommaren 2011, etter opninga av Oseana, trur Tor Inge Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.