Lokal | 24. mars 2020

Opnar som koronalegevakt

– Vi vil hindra smittespreiing frå fastlegekontor og ordinær legevakt.

Opnar som koronalegevakt
Røde Kors-huset er testsenter frå før. No blir koronalegevakt etablert i delar av bygget. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. mars 2020 21:14

Røde Kors-huset i Kolskogheiane, som tidlegare husa Os legevakt, har frå fredag 13. mars fungert som testsenter for koronaviruset.

Onsdag 25. mars skal delar av huset fungera som legevakt igjen, men berre for personar med symptom på luftvegsinfeksjon.

– Vi gjer dette for å hindra eventuell smittespreiing av koronaviruset på fastlegekontor og ordinær legevakt, og for å kunna tilby rask og effektiv hjelp til personar med sjukdomen covid-19 (forårsaka av koronavirus), seier leiar for førebyggande helsetenester i Bjørnafjorden kommune, Marita Wallevik.

Du kan ikkje møta opp utan avtale. Ring fastlegen din for å bli vurdert, eller legevaktsentralen (116117) utanom kontortid.

Vent i bilen

På koronalegevakta skal du venta i bilen utanfor bygget til helsepersonell gir beskjed om at du kan koma inn, sånn at pasienten før deg rekk å forlata lokalet før du kjem inn.

Koronalegevakta vil vera betjent av lege og sjukepleiarar, og held ope måndag til fredag frå klokka 08.00 til 15.30, og laurdag og søndag frå 10 til 17.

Ring fastlegen din, som vil vurdere om du skal visast til koronalegevakta. Utanom kontortid, ring legevaktsentralen på 116117.

Har du andre spørsmål om korona, smitte og testing? Ring smitteverntelefonen på 56 57 57 57. Sjå opningstider og meir informasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.