Sport | 29. apr. 2011

Opnar - utan plan om å stenga

Laurdag opnar Sprek og Blid si nye døgnopne treningsavdeling i Os Næringspark.

Opnar - utan plan om å stenga
Andris Hamrefredag 29. apr. 2011 20:22

Dei siste dagane og timane har gått med på å få alt utstyret inn og på plass før opninga laurdag.

- Det er utruleg mange detaljar som skal på plass.

- Ein manglande kabel heldt i går på å velta heile lasset, men vi fekk den på plass, smiler dagleg leiar Toril Dale.

Sprek og blid overtok lokala etter Fløysand Blikk i vinter og har brukt tida fram mot opning til å pussa og innreia dei gamle produksjonslokala til eit nytt og moderne treningssenter.

300 kvm i raudt og kvitt

Det 300 kvaderatmeter store treningssenteret er no i ferd med å fyllast opp med noko nye apperatar i tillegg eindel utstyr som blir flytta ned etter ommøbleringa i hovudsenteret tidlegare i vinter.

- Ei lita avdeling med frivekter har vi òg fått plass til, fortel Dale.

Det nye senteret er innreia i kvitt og raudt. Den siste finishen i dei nye garderobane blei lagt då Midtsiden var innom fredag.

Senteret blir i utgangspunktet sjølvbetjent. Då Midtsiden snakka med Dale i desember fortalte ho at ho ikkje frykta misbruk av tilliten.

- - Erfaringer frå andre senter med tilsvarande løysing viser at det er svært sjeldan folk misbruker den. Avdelinga kjem til å ha 18 års aldersgrense og overvakingskamera, så om det er nokon som finn på noko tull så har vi sjanse til å koma med ein reaksjon.

Stor interesse

Sjølv om dei ikkje har begynt å selga låsekort til eksisterande medlemmar, eller medlemsskap kun til det døgnopne senteret har Dale merka at interessa for å trena på eigehand når det passar er stor.

- Det er mange som har lurt den siste månaden på om vi ikkje opnar snart.

Laurdag er opningsdagen, etter dette blir senteret ståande ope - for alle med nøkkelkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.