Opnar «varmestove» for småbornsfamiliar
Vil du ha ein pause i julehandelen? Lilleballong byr på juleverkstad, eventyrlesing og fri leik i lånt lokale.
Mens andre butikkar har høgsesong og altfor travle dagar til å starta tilleggstilbod, er desember normalt årets rolegaste månad hos Lilleballong AS.
– Vi har hatt vekst etter at vi flytta til sentrum, men i jula er det færre som feirar bursdag, og ikkje spesielt travelt i butikken, seier Olaug Gjelsvik.
– Det gjer at vi får betre tid til å dekorera gåver, for dei som vil gjera litt ekstra ut av det finaste dei har kjøpt, eller som vil setja ein spiss på ei vinflaske til ein tilsett, ein kunde eller eit vertsskap når dei skal i julebesøk.
– Men det er ikkje meir trafikk enn at vi får tid til å engasjera oss med dette tilleggstilbodet, som vi håper mange vil ha glede av.
Møtte velvilje
Lilleballong har fått låna naboarealet, på cirka 150 kvadratmeter, av husverten. I det romslege lokalet har dei no møblert med sofaer, pultar, leikekrokar og pynt frå eigen butikk.
– Dette er ikkje barneparkering, men ein stad for familiar å koma innom, ei julestove som innbyr til både pause, leik og kos, presiserer Olaug.
Julestjerne og juletre er naturlegvis av den oppblåsbare sorten, mens mesteparten av varene og interiøret har vore gratis eller billig.
– Vi har funne gratis sofa på facebookgruppa for kjøp, sal og byte, og vi har henta leikar frå eigen bod. Der var dessverre ingen dukker, så om nokon vil bidra med fleire leikar er dei velkomne til det! Men vi vil helst ikkje ha legoklossar eller andre småleikar, som dei yngste kan setja i halsen.
Gratistilbod for små og store
Julestova blir opna i ettermiddag, før fakkefredag og julegrantenning i sentrum.
– I dag har vi ope litt utover opningstidene våre, til rundt klokka 19-20, ut frå kor lenge folk blir verande i sentrum. Vi skal seinare ha julestova open kvar ettermiddag (15.30-18) fram til jul.
– Dette tilbodet skal ikkje konkurrera med kafeane og restaurantane, men vera ein plass der ungane kan få utfalda seg. Alt er gratis, og Joker har sponsa med kaffi, saft og peparkaker. Men dette er også einaste servering.
Initiativet er Lilleballong sitt, men butikken ønskjer andre velkomen til å bidra.
– Vi tar dette på eiga kappe, men om det er andre næringsdrivande eller privatpersonar som vil bidra med materiell, leikar eller idear som kan gjera tilbodet betre, så er det berre til å koma innom, seier Olaug, klar for første opningsdag.