Dagleg leiar Torbjørg Brattabø gler seg til å opna igjen førstkommande fredag (foto: Andris Hamre)

Opnar att til pinse

Osbadet stenger fire dagar for å få kopla den nye dobbelthallen saman med det eksisterande.

Av: Andris Hamre

Fram til og med 17. mai held Osbadet stengd for ordinære badegjestar.

– Vi har ei gruppe babysvømming og svømmeklubben som skal få koma inn i ettermiddag, ellers så er vi stengd, fortel dagleg leiar Torbjørg Brattabø.

Bakgrunnen for stengjinga er at entreprenøren som byggjer den nye dobbelthallen skal kobla saman det nye med det eksisterande.

– Dei skal det dei kaller å summa golvet. Det vil gjera at vi får same høgde på heile golvet både i resepsjonsområdet og ut i fellesarealet i den nye hallen. Som du ser har vi måtte flytta alt av resepsjon og det heile, så det lar seg ikkje gjera å halde ope.

– Men på fredag klokka 10 skal vi vera i drift igjen, så i pinsen er det berre å komma å ta seg ein svømmetur. Fasilitetene vil nok ikkje bli optimale med resepsjon og det heile, men bassenget vil vera optimalt, smiler Brattabø.

Fin vinter har gitt mindre besøk

Brattabø fortel at det har vore ein tøff vinter med færre gjestar enn tidlegare år.

– Med den vinteren som har vore så har skitrekka gått bra, men det har vore tøffare å drive badeanlegg. Eg høyrer det same frå både ADO og Vossabadet. Også dei skal ha opplevd ein nedgang denne vinteren.

– Trøysten er at Kristi Himmelfartsdag blei bra. Då regna det og snøen var i ferd med å forsvinna på fjellet, så då kom badegjestane tilbake. Sjølv om vi er eit innandørsanlegg, så er også vi vêravhengige, så ein ikkje alt for fin sommar hadde passa oss bra.

– Men det har gått greit å halde ope trass byggjearbeida?

– Ja, det har i det store og heile gjort det. Sjølvsagt har ikkje alt vore optimalt heile tida, men dette er første gang vi har måtte stenge etter at dei byrja arbeida.

– Eg har inntrykk av at dei ligg rimeleg bra i rute, så om ein seks vekers tid så skal Consto vera ferdige. Då blir det nok litt testing av dei ulike tekniske løsningane gjennom sommaren, men vi er i allefall ferdig med byggearbeida, avsluttar Brattabø.

Fleire saker

  • Fekk mykje å jubla over

    22. juli 2018

    Lysekloster starta svakt mot Stord, men så slo den etterkvart berømte ketsjupeffekten inn.

  • Gøymde seg på taket

    22. juli 2018

    Oppdatert: To menn i 20-åra tok seg opp på taket på Hamnechefen. Den eine prøvde å gøyma seg for politiet då dei kom. Eigaren fann narkotika.

  • Tre har mista lappen på kort tid

    22. juli 2018

    Torsdag tok politiet for tredje gang på kort tid beslag i eit førarkort ved den nye Spar-butikken på Kloppamyra.

  • Tok skilta til gjengangar

    21. juli 2018

    Politiet klipte skilta på ein bil i Hegglandsdalen laurdag då føraren fleire ganger hadde køyrd utan lov.

  • Her blir podtellet levert

    21. juli 2018

    Bildeserie: No kan du overnatte i hamna uten å bli sjøsjuk av bølgene. – Eg reknar med at vi opnar måndag, seier Hans Parnefält.

  • Villaksen har «stempla inn» i fjorden

    21. juli 2018

    Lyttebøyar i fjorden avslører smolten frå Oselvo si vandring. 

  • Tørke, mattryggleik og jordvern

    21. juli 2018

    Lesarinnlegg: Tørkekrisa viser til fulle kvifor det er viktig å verna om matjorda vår, skriv Gisle Hesjedal.

  • – Blei dårleg då eg såg det

    20. juli 2018

    Kommunen ber foreldre og "nabokjerringa" halde auge med og sjekke leikeplassen før dei sender ungane dit.