Godt samarbeid gir ny butikk. Silja Døsen Moberg frå Osøyro Kolonial, huseigar Anders Fagerthun og Sahahram Rezai frå Orion Restaurant (foto: Andris Hamre)

Opnar butikk i Kleiven-lokala

Draumen til Silja Døsen Moberg blir ein realitet. Til sommaren opnar ho butikk i dei gamle lokala til Kleiven.

Av: Andris Hamre

I august 2016 lanserte Silja Døsen Moberg Osøyro Kolonial under festivalmarknaden i Os sentrum. Tanken og planen då var å opne ein butikk kor Kleiven møtte Fiskelepsøyen, men i 2017-drakt.

– No skal det endeleg skje, stråler Døsen Moberg når Midtsiden møter ho, huseigar Anders Fagerthun og nabo Sahahram Rezia i den inste delen av Orion restaurant.

Godt samarbeid

Gjennom gode samtaler og godt samarbeid er dei kome til samde om at Døsen Moberg tek over dei delane av lokalet som Kleiven kjøtt og delikatesse hadde i gamle dagar.

– Vi har funne ei god løysing samla sett, som både tilfredsstiller dei ønskja og behova Orion har, og dei ønskja og behova som Osøyro Kolonial har, fortel Anders Fagerthun som gler seg over at det no blir butikk ut mot torget.

Med ærefrykt og historie i veggane

Det å flytta inn i gamlebutikken til Kleiven har vore ein draum for Døsen Moberg sidan ho starta Osøyro Kolonial og etter at dei i mars 2017 kjøpte dei gamle produksjonslokala til Kleiven. 

Les óg: Har auka med 100%

– Eg har jo vore på jakt etter eit butikklokale lenge, og det er ekstra stas å koma inn igjen i Kleiven sitt lokale. Her er det mykje historie og mattradisjonar i veggane, så det er med ein god del ærefrykt eg tek over lokalet, smiler ho.

Nett som i gamledagar

Som det var tidlegare vil det bli opna opp mellom butikklokalet og produksjonslokalet i forkant. I butikken blir det betjente disker i tillegg til nokre sjølvplukkhyller.

– Det blir akkurat som Hans Anton hadde det med gjennomgang mellom lokala. Og vi skal skjera opp pålegget akkurat som Kleiven gjorde det. 

– Kva kan osingane venta å finna i butikken?

– Mat med identitet. Det blir ferskt kjøt, gode ostar, deilig tilbehør, lunsj som salater og kanskje noko påsmurt og ikkje minst kunnskap og matglede. Eg har lyst at butikken skal bli ein stad går for å bli inspirert. Ikkje berre på helgehandel, men også for å kjøpa kvardagsmiddagen eller godt pålegg.

– Gjennom cateringverksemda eg har drive det siste halvanna året, så har eg funne masse gode lokale leverandører. Dei håper eg å kunne ta med eg inn i butikken, og kanskje finne nokre fleir. Kvifor skal ikkje folk få kjøpa den deilige spekepølsa til Bente Getz i Samnanger annan enn på marknader, avsluttar Døsen Moberg retorisk.

Ho reknar med å kunne opna butikken til sommaren avhengig av at ho får alt av butikkinnreiing og personale på plass.