Næringsliv | 30. mai 2010

Opning og avduking

Det blei ein fin og munter seremoni då første byggetrinn av seniorbustadane på Lurane blei offisielt overlevert.

Opning og avduking
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. mai 2010 07:36

Bildeserie:

1 av 9

Det starta med samtalar mellom eigarane av to nabotomter på Lurane, Bøe & Lepsøe Utbygging AS og Os kommune, for fem år sidan.

- Lars Atle Skorpen og Øyvind Tøsdal, den gong rådmann og kommunaldirektør, var sentrale personar i det gode arbeidet som blei gjort den gong, sa ordførar Terje Søviknes.

- Sjølv om vi ikkje fann ein formel på korleis vi kunne gjera dette saman, og Bøe & Lepsøe Utbygging til slutt gjorde det Os kommune prøvde å gjera, kjøpte nabotomta og ferdigsstilte eit flott prosjekt, ser eg på dette som eit resultat av ein form for offentleg-privat samarbeid.

Utstillingsvindauge
For eit år sidan blei første spadetak tatt. Salet gjekk unna og no er første byggetrinn klar.

- I løpet av dagen i dag skal alle dei 23 bustadane i første byggetrinn vera ferdig.

- Vestafjell har levert til avtalt tid, trass i ein streng vinter, og vi har i Lurane Seniorboliger fått eit godt eksempel på kva kvalitet det er vi ønskjer å levera, sa Truls Birkeland frå Bøe & Lepsøy Utbygging AS.

Arkitekt Arne Bjerk fortalte om kvalitetar i senteret, universell utforming, hotellrom som bebuarane kan leiga til tilreisande gjestar og fellesrom ved postkassestativet.

Fleire av kjøparane i prosjektet, både dei som er i ferd med å flytta inn og dei som har kjøpt i byggetrinn to, som truleg er ferdig til jul, var til stades.

Latter og kongeprat
Det blei litt alvor, litt skryt av kvarandre og ein god porsjon humor då utbyggar, hovudentreprenør, arkitekt, ordførar og styreleiar for sameiget heldt tale under den offisielle overleveringa fredag.

- Når de ser kva de har fått, i forhold til kva de har betalt, så kan de vel seia dykk nøgd, sa Søviknes, til samtykkande humring frå kjøparane.

- Kjære ordførar, i går hadde du besøk av dronninga - vel, her er kongane, sa administrerande direktør i Vestafjell AS, Stein Ove Halhjem, og peika på handverkarane som har realisert prosjektet.

- I dag har eg hjelmen på, og eg har planar om å ha den på nesten heilt til eg går og legg meg i dag, sa han stolt.

- Eit Os-prosjekt
Halhjem fortalte at Lurane-oppdraget kom i ei viktig tid for selskapet. Vestafjell, som har hatt alt frå grunnarbeid og betong til tømrarjobb og gartnararbeidet, var ved byggestart i fjor, som mange andre i bransjen, påverka av finanskrisa.

- Dette var vårt første oppdrag etter fusjonen med Djønne, som firmaet Vestafjell. Sjølv om vi har tette band til Bøe & Lepsøe Utbygging har det vore ei krevjande og lærerik tid. Birkeland er ein mann som ikkje tar eit nei for eit nei, og ja, han har nok skaffa meg eit grått hår eller to, innrømte Vestafjell-direktøren.

- Men først og fremst vil eg takka våre tilsette, som heldigvis fekk tette hus før jul, og som sto ekstra på då snøen ikkje forsvann rundt nyttår som vi hadde trudd.

Dei fleste underleverandørane til prosjektet er også frå Os.

- Dette har vore eit skikkeleg Os-prosjekt frå A til Å, sa Halhjem.

Plommer og skulptur
Etter talane blei det servert kaffi og kaker til alle. Men først kom Os kommune med gåve til sameiget, to plommetre som bebuarane kan hausta litt haustsnadder av. Også utbyggar hadde gåve med seg, Seung Woo Whang-skulpturen dei kjøpte under symposet i fjor.

- Dette er teikningane vi ikkje kunne bruka, sa prosjektleiar frå Vestafjell, Geir Ove Lunde, då skulpturen blei avduka.

Forma som ein høg bunke med papir koom det raskt forslag til namn på skulpturen, som skal stå i fellesarealet.

- Vi kallar den «saksbehandlinga», var om lag siste ord som blei sagt før alle storma til det store kakefatet, arbeidarane først, seniorane etterpå ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.