Kultur | 04. feb. 2014

Opp frå dvalen!

Etter ein kort "teknisk kvil" er Er-An Veikro klar for sesongopning, og byr på opningsfest med Eirik Søfteland.

Opp frå dvalen!
Hanne Catrine og Linda har hatt vinterstengt i over ein månad. Meir enn nok, synest Eirik Søfteland, som byr på konsert på opningsdagen laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. feb. 2014 21:32

Rett før jul stengde nye Er-An Veikro for ein dryg månad med evaluering, litt ombygging og noko etterlengta ferieavvikling.

– Dei på bensinstasjonen har dagleg fått spørsmål om kor tid vi opnar igjen, og det synest vi er veldig kjekt.

– Men vi trengte denne pausen, både til å få unna nokre pratiske ting, men og for å gjera opp status og evaluera drifta etter denne vellykka, men hektiske starten vi har hatt, seier Linda Furhovde Andersen på vegne av seg sjølv og medeigar, dottera Hanne Catrine.

Selskapslokale og meir parkering

Før ferietur til Linda og mannen Dag sin andre heim, Puerto Rico på Gran Canaria, gjekk mor og dotter nokre rundar der dei såg tilbake på tida frå opningsfesten i april til desember 2013.

– Veldig mykje har fungert bra, andre ting vil vi justera eller utvida, og nye tilbod vil koma. Det blir meir drive-in-kino, blåturar med kanopadling, og eigne temakveldar.

Noko som allereie er utvida er parkeringsplassen. Nabotomta er planert og vil gje rom for fleire bilar ved restauranten.

– Innandørs er det ikkje store synlege endringar, men vi får dør inn til kjøkkenet, for å hindra støy frå utstyr inn mot disken. Og så er det lagt til rette for skiljevegg i restauranten, sånn at vi kan ha lukka lag med 40-50 gjestar samtidig som resten av restauranten er open.

– No kan vi ta imot firmafest, blåturar og bursdagar på ein betre måte.

– Endeleg Eirik!

Eirik Søfteland kjem ikkje frå Søfteland, men var likevel på heimebane både under Rock N LOL i sommar, og laurdag når han speler på Er-An Veikro.

– Eg var i Oslo og jobba meg fram mot Idol-finale medan eg las og høyrde om denne kule kroa. Endeleg skal eg få smaka burgaren eg har høyrd så mykje om, og få ta meg ein heilaftan på Sun Studio-scenen til Hanne Catrine og Linda, seier Eirik.

– Vi har følgt Eirik i restauranten både i Idol og Skal vi danse og blei kjempeglade då han takka ja, seier Linda.

Laurdag opnar veikroa igjen, på formiddagen, men med konsert på kvelden med Eirik Søfteland, pappa Tord, og kameratane Olav Skorpen på bass, Steinar Lyssand på Gitar og Jens Erik Aasmundseth på trommer.

– På førre opningsfest hadde vi over 1000 gjestar innom på éin dag. Vi er førebudd på kaos ein gong til, påstår Linda og Hanne Catrine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.