Lokal | 09. feb. 2018

Oppdaga barnehagebarn på isen

Brannvesenet oppdaga 12 barn og to vaksne på Ulvenvatnet. – Det er ikkje trygt.

Oppdaga barnehagebarn på isen
Den isen som ligg på Ulvenvatnet, eller dei andre vatna i Os, er ikkje trygg! (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 09. feb. 2018 11:56

På veg frå eit oppdrag tilbake til beredskapssenteret på Moberg oppdaga brannvesenet fleire folk ute på Ulvenvatnet.

– Det var 12 ungar i barnehagealder og to vaksne, fortel Gitle Smaadal i Os brann- og redningsvesen.

OPPDATERT: Midtsiden kjenner ikkje til kva barnehage ungane eller dei vaksne kom frå, men har snakka med styrar i barnehagane som ligg nærmast Ulvenvatnet.

Det skal ikkje ha vore Espira (verken Kuventræ eller Ulvenvatnet), seier styrar i Kuventræ, Karianne Moberg, eller Varhaug barnehage, ifølgje styrar Tone Fjeldstad, som var på vandring på isen i dag.

– Ikkje det klokaste dei har gjort

Brannvesenet køyrde fram til staden for å få dei av isen igjen.

– Vi fekk dei på land og tok ein alvorsprat med dei. Det er vel ikkje akkurat det klokaste avgjerde dei vaksne har tatt. Berre eit par meter unna var det ope vatn.

– Det er skilta at isen ikkje er trygg, og det er det ein grunn til, understrekar Smaadal.

Då brannvesenet hadde øving tidlegare i veka på Tøsdal var isen omlag 5-7 cm tjukk.

– Det er ikkje tjukkare enn at hopper du på den så går du gjennom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.