Lokal | 13. mars 2018

Opprettar personvernombod

Gøran Breivik blir personvernombod for Os og Fusa kommunar.

Opprettar personvernombod
Gøran Breivik er personvernombod i fleire kommunar mellomanna i Os og Fusa (foto: Simen Soltvedt, Os kommune)
Andris Hamretirsdag 13. mars 2018 09:18

I mai 2018 blir det innført ei ny personvernlov i Noreg og Europa. Den nye lova gir oss mellom anna styrka rettar når vi registrerer oss elektronisk som privatpersoner, og ho gir òg større ansvar for personvern til bedrifter og verksemder.

Alle offentlege verksemder og andre som behandlar sensitive personopplysningar i stor skala, har plikt til å opprette eit personvernombod - inkludert Os og Fusa kommunar som skal slå seg saman til Bjørnafjorden kommune.

Interkommunalt ombod

Gøran Breivik har ansvar for personvern og informasjonssikkerheit i Bergen kommune, og fungerer som personvernombod for Bergen, Askøy, Fusa, Fjell og Øygarden – og no Os.

Leiarane i Os kommune er i gang med å melde inn aktuelle system frå sine område. Gøran og avdelinga hans vurderer så om systema og dei eksisterande rutinane for handtering av personopplysningar er i tråd med det nye regelverket. Viss ikkje, kjem dei med råd om kva som må gjerast.

-Mi oppgåve er å sikre at Os og Fusa kommunar behandlar personopplysningar på best mogleg måte. Når vi snakkar om informasjonssikkerheit, tenker mange på datainnbrot og ID-tjuveri og slik skumle saker, fordi det er det media skriv om. Men dette handlar vel så mykje om å sikre at rett opplysningar blir registrerte på rett person, slik at det ikkje oppstår feil i desse systema som vi alle etter kvart er så avhengige av, seier personvernombod Gøran Breivik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.