– Opprykk blir vanskeleg no
Os gjekk rett i føringa og Isak og Arne skåra til saman 17 mål på serieleiaren, men NHHI nytta sjansen då Os slurva før pause.
Herrelaget til Os sin bortekamp skulle gått søndag, men Os-NHHI var blant ei rekkje kampar som blei flytta grunna landslaget sin fantastiske prestasjon i VM.
– Eg vil takka både krets og dommarar for at vi fekk vera heime og sjå finalen, sjølv om det alltid er greit å møta eit studentlag på ein søndag, seier Os-trenar Kenneth Husebø.
I kveld gjekk kampen mot økonomistudentane, og Os tok styringa borte mot serieleiaren.
Os leia med 1-2 mål, men hamna etter 10-12 svake minutt bakpå til pause.
NHHI - Os 32-29 (19-15)
Os: Einar Godø, Hans Brunvatne, Isak Røen 9 (1 straffe), Arne Veim Haugland 8, Ove Lyssand 5, Jørgen Wold 4, Trygve Lerch Dahl 2, Nils A. Hamre 1, Erik Vågen, Mats Brunvatne, Kristian Bruarøy og Stian Lepsøe.
– Vi var gode store delar av kampen, men forsvaret sat ikkje skikkeleg og vi fekk ikkje keeperane heilt med i spelet. Då vi fekk ein periode med slurv i angrep fekk vertane kontra mykje.
– Vi skårar nok til å vinna, men å sleppa inn 19 mål på éin omgang held ikkje.
Trur Stryn tar opprykket
Os stilte tynt borte mot Stryn, og tapte. Med dagens bortetap tviler dei på at det kan bli noko opprykk.
– NHHI har truleg ikkje ønskje om å spela 2. divisjon neste år. Tabelltoar Stryn har tre botnlag igjen, så dei bør ta dette, seier Husebø.
Os, som ligg på 3. plass, har fire kampar igjen, tre av dei på heimebane.
Den neste i Oshallen mot BSI laurdag (kl 12.30).
– Vi har ikkje noko uttalt mål om opprykk, men har blitt samde om at «får vi det så tar vi det», seier Os-trenaren.