Oppstart i 2010?
Regjeringa har lagt fram utkast til statsbudsjett. Men kvar er pengane til ny veg mellom Os og Bergen?


I utkastet til statsbudsjett finn vi på lista for Hordaland blant anna 51 millionar kroner til prosjektet "E39 over Stord" og 40 millionar kroner til E39 Vågsbotn - Hylkje. E39 Svegatjørn - Rådal er ikkje på lista. Vi finn heller ikkje noko i nettavisene i Bergen.
Men i ein artikkel på abcnyheter.no i dag står ny veg mellom Os og Bergen som einaste satsingsprosjekt i Hordaland.
Regjeringa legg opp til ny rekordsatsing på veg. 14 milliarder kroner skal brukast på veg i det neste budsjettåret. Det er ei auke på 23 prosent frå 2009, skriv avisa, og har E39 Svegatjørn - Rådal som einaste prosjekt frå Hordaland som skal startast på i 2010.
- Du finn ikkje Svegatjørn - Rådal i lista du har sett på, der ligg dei meir langsiktige planane, seier Gustav Bahus (Frp), leiar i samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune.
Bahus har sjølv vore i møte i heile dag, og har førebels ikkje fått sett gjennom utkastet.
- Oversikta du fann på abcnyheter.no er nok over oppstartmidlane, og er dei klare blir det spadetak over nyttår, seier Gustav, før han spring for å sjekka pc-en.