Lokal | 03. mai 2010

Opptur for fjortisane

Det er håp om at elevane i 8. klasse får ein flott dag når Os Turlag inviterer til årets OPPTUR onsdag 5. mai.

Opptur for fjortisane
Andris Hamremandag 03. mai 2010 06:57

Os Turlag arrangerer, saman med turlag over heile landet, fjortisane til å bestiga ein topp i nærleiken av heimstaden. Total ventar ein at 25.000 deltar på arrangementet.

Skal bestiga Borgafjellet
Turen dei 220 elevane frå Søfteland og Os ungdomsskuler skal gje seg i kast med går frå Kyrkjeflaten via Nordmarka, Tøsdal og Stemmedalen over Borgafjellet og tilbake til Kyrkjeflaten.

Starten tar ordfører Terje Søviknes seg av kl 09.00 ondag morgon.

Den beste skuledagen i året
OPPTUR er eit arrangement der 8. klassingane frå ungdomsskuler over heile landet blir invitert til ein dag med friluftsliv og fysisk aktivitet. Målet til Os Turlag og Turistforeninga er å få fleire ungdommar til å ta del i gleda ved friluftsliv, gjera lokale turmål meir kjende og skapa ein triveleg dag med fysisk aktivitet for alle, fri for konkurransar.

Det er femte året på rad Turistforeninga arrangerer OPPTUR.

Spådd godt vêr
Vêrmeldinga for Os gjev håp om lettskya opphaldsvêr, men berre nokon få varmegradar, så det gjeld å kle seg fornuftig for turen.

Sjå detaljert vêrmelding her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.