Opptur i 50 minutt
Os spelte uavgjort mot Fyllingen på tredjeplass. – Dei 50 første minutta var det beste vi har gjort etter nyttår, seier Erlend Lyssand.
Handballdamene til Os har hatt ein tung start på andre del av sesongen, med to poeng på seks kampar. Tysdag kveld kom ein ny oppturen då dei spelte uavgjort mot Fyllingen, som før sesongen var ein av favorittane til opprykk.
– Fyllingen har berre tapt ein av dei ti siste kampane sine, så uavgjort er absolutt eitt poeng.
– Vi spelar vår beste kamp etter nyttår i dei 50 første minutta av kampen og leiar 27-23, men får problem når dei legg om forsvaret sitt.
Sleit mot offensivt forsvar
Fyllingen sitt taktiske grep som gjorde at det stokka seg for Os var å ta vekk dei to backane Irene Tangerås og Line Hjelle Berentsen.
– Då fekk vi smaka vår eigen medisin.
– Når Irene og Line blei dekka klarte vi ikkje halde nok fart i ballen og beina på dei fire andre.
– Vi byrja å kave, noko som òg satte sitt preg på det defensive. Vi mista rett og slett strukturen i forsvarsspelet, fortel Lyssand.
21 mål frå back
Kampen snudde frå 23-27 til 28-27.
– Heldigvis kjem Maria Stangeland Lunde med ei herleg avslutning på slutten som gjev oss eitt poeng.
– Oppløftande var det òg å sjå dei tre backane våre. Tilsaman skårar dei 21 av måla våre i dag, avsluttar Ostrenaren.
Neste seriekamp er heime mot Gneist 2. mars, men før det tek Osdamene imot Voss i Oshallen torsdag 27. februar i Scandic Bergen City Cup.
Fyllingen - Os 28-28
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Irene Tangerås 9, Silje Martine Årseth, Emilie Hjertnes Halhjem 3, Line Hjelle Berentsen 7, Maria Stangeland Lunde 4, Aurora Forstrønen, Elise Hjelle 4, Marte Øvreeide, Stine Færøvik.