Kultur | 29. okt. 2010

Oppvarming med gjestar

Os Musikkforening sitt janitsjarorkester skal på «Jan-Am». Sundag varmar dei opp med fleire spennande gjestar i Fjellheim.

Oppvarming med gjestar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. okt. 2010 19:09

Førstkomande sundag ønskjer Os Musikkforening velkomen til haustkonsert. Janitsjarorkesteret til musikkforeininga skal delta i korpskonkurransen ”JAN-AM” i midten av november, og treng derfor konserttrening med eit stort og flott publikum!

Med på konserten har vi denne gongen fleire gjestar; Kleppe Musikklag frå Askøy besøker oss med eit spennande program. Dei byr på både norsk og utanlandsk musikk, lett og variert. Korpset er eit brassband, og dei feira nyleg sitt 45-års jubileum. Kleppe Musikklag blir leia av Rune Hannisdal, same dirigent som Os.

Så får vi også vitjing av dei velkjente karane i «Tre med skjegg og ein utan». Med Harald Lyssand i spissen vil dei sørgja for stemning som kan passa bra for ein Halloween–kveld!

Velkomen til konsert søndag kl. 18.00!
For Os Musikkforening
Kjersti Aak Garlid

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.