Sport | 29. juni 2011

Optimismen rår

Mykje vatn. Mykje laks. Natt til fredag opner Osvassdraget for fiske.

Optimismen rår
Andris Hamreonsdag 29. juni 2011 13:35

Den siste tidas regnvêr gjer at vatnet straumar gjennom Osvassdraget og skapar ypperlege forhold for laksefiske.

- Været er glimrande for laksefiskarar.

- Sist eg var inne og såg gjekk det 20 kubikk i sekundet ved Røykenes, fortel leiar i fiskeutvalet Einar Sørstrønen.

Auget stort og vått

I går var han og dei andre i Os jakt og fiskelag på dugnad i elva.

- Auget blei stort og vått då vi såg all fisken som sto og venta nede ved brua, fortel Sørstrønen.

Ein ny tur i dag tydar på at fisken har begynt å bevega seg oppover elva.

- I dag såg eg ikkje så mykje fisk, så eg reknar med han har starta vandringa oppover mot Søfteland, strålar Sørstrønen.

Formidable mengder

Enkelte har anslått at det sto omlag 150 laks på 4-8 kg ved brua i går kveld.

- Vi får berre håpe den tek seg nokre pauser opp igjennom slik at det blir godt fiske heile vegen, seier Sørstrønen som trur det lovar godt for dei med fiskekort dei første dagane.

- Folk med meir erfaring frå elva enn meg seier dei sjelden har sett eit så formidabelt innsig av fisk som i år, smiler fiskarleiaren.

Bekymra for auren

Ei lita bekymring har utvalsleiaren likevel.

- Vi har ikkje observert så mykje aure i år, så eg er litt bekymra for den, seier Sørstrønen.

Likevel, utvalsleiaren ønsker alle skitt fiske og trur det kjem til å stå fisk i heile kremretten når elva opnar natt til fredag.

Framleis kort igjen

Dei to mest populære sonane, sone 2 og 5 er rimeleg fullbooka.

- I dei andre sonane er det framleis gode sjanser for å få kjøpt fiskekort, fortel butikksjef Lars Petter Grønvigh ved MX Sport som sel korta på vegne av grunneigarane.

Han fortel at sal av kort i år har gått noko treigere i år enn det gjorde i fjor men reknar med det tek seg opp nå når elva opnar.

Fisket i år startar 15 dagar seinare enn i fjor i eit forsøk på å få meir fisk i elva. Eit prøvefiske dei første fem dagane i juni viste ni villfisk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.