Næringsliv | 10. sep. 2010

Optimist tross permitteringar

Askeladden Boats er optimistiske sjølv om dei fredag gjekk ut med at dei ser seg nøydd til å permittere 13 gjennom vinteren.

Optimist tross permitteringar
Andris Hamrefredag 10. sep. 2010 13:47

Båtbransjen er ein bransje med stor usikkerhet og ein ekstrem kort sesong frå april til byrjinga av juli. Sommaren 2010 har ikkje blitt som Askeladden hadde håpa på, difor går dei no til permitteringar.

- Det er ikkje noko hyggeleg å måtte gå til permitteringar, seier dagleg leiar Henrik J. Askvik.

- Dei 13 det gjeld blir permittert i fem månader, frå oktober til mars. Dette er den perioden på året det er stillast hos oss, forklarar Askvik.

Askeladden har valgt å satsa på små og mellomstore båtar. Det er særleg salet av dei små båtane som har svikta.

Noko av grunnen til dette tror Askvik skyldes den usikkerheita som var i mai/juni omkring økonomien i Europa.

- Både du og eg og Kari og Ola blei nok litt usikre da vi las om krisa nedover i Europa. Eg trur folk difor tenker seg litt mer om og ventar lengre før dei kjøpar seg ny båt.

- Mange tenker nok at vi klarer oss med den vi har eitt år til, seier Askvik.

Eit anna moment Askvik trekk fram er vèret. Er det godt vèr er det fleire som vil på sjøen.

Er ukuelige optimistar
Til tross for eit svakare sal i sommar enn det Askeladden hadde håpa på er Askvik ukuelig optimist.

- Vi gir oss ikkje, sjølv om det går litt trått, seier Askvik.

- Dette er ikkje ein situasjon som er spesiell for oss, fortel marknadssjef Leif Bergaas.

- Alle dei norske båtprodusentane har ein låg produksjon gjennom vinteren, så dette er nok noko vi må lære oss å leve med, seier Bergaas.

5-600 båtar i året
Produksjonen i dag ligg på mellom 5 og 600 båtar i året, noko som er i underkant av halvparten av kva som var situasjonen i toppåret 2007.

- Vi produserar i år omlag 30-40% av det vi har kapasitet til, fotel Henrik Askvik.

- Bransjen trur og meiner at bunnen no er nådd for det segmentet vi satsar på, men ingen evner å seie kor markedet går, anna enn at det skal bli betre.

- Men om det skjer til neste år eller om to år er det ingen som veit, seier Askvik.

Sterk merkevare
Askeladden er ei av dei sterkeste merkevarene på det norske markedet. Undersøkingar visar ei uhjulpen kjennskap til Askeladden på 94% blant norske båtfolk.

- Det at vel 9 av 10 nemner Askeladden når dei blir bedt om å si kva båtmerker dei kjenner til er kjekt, seier marknadssjef Leif Bergaas.

- Men å få dei til å velga ein Askeladden når dei står hos forhandlar er ei utfordring.

- Undersøkinga viser at det er mange som ikkje har bestemt seg når dei kjem til forhandlaren. Difor er det viktig for oss at forhandlarane våre kjenner båtane våre ut og inn, slik at dei kan være gode veiledare for kundane, fortel Bergaas som legg vekt på den tyggleiken det er å kjøpe ein Askeladden.

God service, trygge båtar, høy annenhåndsverdi, hjelp om det skjer noko og kort veg til forhandlaren er ting markedssjefen legg vekt på når han presenterar båtane sine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.