Kultur | 04. mai 2012

ORBO er 30 år

Har tent pengar på musikk sidan han var 5 (!) år: Ole Reinert Berg-Olsen d.y. fyller 30 år i dag. Dagen blir feira med stor privatfest i dag og full konsert i Oseana 12. mai.

ORBO er 30 år
Ole Reinert Berg-Olsen på Søfteland Rock N LOL i fjor. I år speler ORBO & The Longshots i Oseana, på Osøren og på Tysnesfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. mai 2012 10:02

Fredag 4. mai er det 30 år sidan Ole Reinert Berg-Olsen blei fødd. ORBO er som faren, oppkalla etter farfaren, som døydde to veker før far til ORBO blei fødd.

Ole Reinert den yngre vaks opp med mamma Torill Elisabeth Ommang, pappa Ole Reinert og søstrene Ane Elisabeth og Linn Christine, som no er 34 og 28 år.

– Vi hadde ein eigedom på Ferstad så vi var til Os kvar jul for å hogga juletre, fortel ORBO, som flytta til Os i 2002.

ORBO bur framleis i Os, i Solbakken, saman med dottera Scarlet Olivia, når ho er hos pappa, og kjærasten Kari Kvæven.

Spelte for turistar som barn

Frå han var ferdig med gymnaset har det kun gått i musikk for Ole, som starta bandet ORBO & The Longshots for 12 år sidan.

– Både far og den eine onkelen min spelte og eg fekk tidleg min første gitar. Eg hugsar at eg som 5-åring tok med veslesøstera mi og ein kamerat for å spela for turistar på Trollhaugen, vi budde veldig nær museet.

På éin sommar tente dei 800 kroner kvar.

– Det blei mange utanlandske myntar, myntar som eg tok vare på i mange år.

Erstatta av Bruce Springsteen

Seinare har det blitt fem studioalbum på ORBO, dei fire siste med The Longshots. ORBO & The Longshots har også vunne spellemannspris (High Roller, 2008), hatt ei rekkje spennande spelejobbar, ORBO har bygd eige studio i Os og inntatt rolla som produsent, først for De Musikalske Dvergene.

Det har også blitt fleire turar til USA, for å spela inn album eller for å reisa på turné, sist i februar i år.

I vinter låg ORBO & The Longshots i cirka tre månadar på AMA-chart i USA, låtar frå det ferskaste albumet Praire Sun blei på det meste spelt 20 gongar for dagen på amerikansk radio.

Høgaste plassering på lista var 19. plass. I dag finn vi Bruce Springsteen på den plassen.

Over 100 gjestar

I kveld, på bursdagen, held Ole Reinert fest for over 100 inviterte gjestar. Heile bandet, Ine Tumyr, Reidar Opdal, Paul Inge Vikingstad og Stian Tumyr, er på plass, saman med slekt og venar.

– Vi blir rett over 100 gjestar, eg trur det blir knallbra! seier Ole.

– Har 30-åringen fått presang i dag?

– Ja, eg har fått eit flott vinskap av kjærasten min, Kari. Med innhald!

Elles sparer Ole til båt, så kanskje han får seg ein redningsvest eller eit ausefat i løpet av kvelden.

Os, USA og Tysnes

Etter festen i kveld blir det ny fest, som også du kan vera med på, i Oseana 12. mai. Så, i slutten av mai, ventar ny USA-turné.

ORBO & The Longshots speler også både på Osøren Blues & Jazzfestival og Tysnesfest denne sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.