ORBO har blitt pappa

Ole Reinert Berg-Olsen og sambuaren Hege Sørebø Lauvland fekk ei jente.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. juli 2010 08:23

ORBO frå ORBO & The Longshots har fått ei lita rockeprinsesse å ta hand om.

Måndag i førre veke fekk han og sambuaren Hege ei velskapt jente.

- Det er heilt fantastisk! Heldigvis gjekk alt fint og begge jentene mine har det bra, seier ORBO stolt.

I helga er han på spelejobb med bandet sitt på festivalen i Skånevik.

- Vi har ein del jobbar for tida, men eg er heime i vekene.

Dottera var 3,2 kilo og 49 centimeter lang då ho blei fødd, og Ole og Hege har namnet klart.

- Ho skal heita Scarlet, røper pappa ORBO.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.