Orbo og Jace spelte for dugnadsfolket
VIDEO: Arrangørane og dei flittige frivillige feira seg sjølv dagen derpå etter Osfest-suksessen i helga.
Bildeserie:
Laurdag kveld var den største festen over, men ikkje alle anlegga blei rigga ned søndag ettermiddag. Då var det nemleg fest for dugnadsfolket i VIP-teltet.
Jace Everett, som både spelte på cruise med MS Midthordland og på hovudscenen laurdag kveld, stilte opp for dei frivillige.
– Eg har hatt ei fantastisk helg i Os, både på scenen og mens eg har vore rundt om i bygda. Her bur mange utadvendte og hyggelege menneske, seier Everett til Midtsiden.
På innspeling i Abbey Road
Han kom til Noreg og Os som del av trioen han har spelt med det siste året, Daniel Cohen på gitar og Kasey Todd på trommer. Dei har vore i Europa store delar av sommaren, først i Tyskland, Frankrike og England, no i Noreg og vidare til Sverige.
– Då vi var i England var vi i Abbey Road Studio og spelte inn nokre låtar. Dei kjem ut digitalt i haust.
Spelte med Orbo
Festivalarrangør og musikar Ole Reinert Berg-Olsen tok seg også ein tur på scenen i kveld.
Han har delt scene med Everett før, på Svalbard. I kveld spelte dei saman, både coverlåtar og Jace sin berømte «Bad Things».
Everett sto også på plakaten i fjor, men måtte melda avbod. Han lovde å koma tilbake i år og heldt løftet sitt.
Sjå fleire bildeseriar og videoar frå helga - sjekk Midtsiden samleside: Osfest
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.