Lokal | 12. mars 2009

Ordføraren ba om hastemøte

Terje Søviknes har hatt eit oppløftande møte med distriktsvegsjefen.

Ordføraren ba om hastemøte
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. mars 2009 09:41

I førre veke skreiv vi om Facebook-gruppa "Må noen miste livet før Lepsøykrysset endres?"

Den same veka skreiv også ordførar Terje Søviknes brev til vegkontoret, og fredagen i vinterferien fekk han eit hastemøte med distriktsvegsjef Olav Finne.

- Det var veldig konstruktivt. Vi fekk meir ut av møtet enn vi hadde håpa på, fortel Søviknes, som hadde Gustav Bahus med seg på møtet. Partikollega Bahus er også leiar for samferdsleutvalet i fylket.

- Vi diskuterte både strakstiltak, som å setja fartsgrensa ned til 60 km/t forbi krysset, og meir omfattande tiltak. Det som var spesielt oppløftande var at vegkontoret sjølv har meldt opp Lepsøy-krysset som sikringstiltak i Nasjonal Transportplan.

Bygger for 10 mill i 2010?
- Får vi midlar til stamvegen når planen blir lagt ut i morgon, kan det bli utbetring av krysset allereie i 2010.

Eige avkjørslefelt for dei som kjem frå Halhjem og skal inn til Lepsøy blir sett på som mest aktuelt.

- Det åleine er eit stort tiltak, truleg med ein kostnad på rundt 10 millionar kroner, trur ordføraren.

- Kva med strakstiltaket?

- Eg held på å skriva eit brev som eg sikkert får sendt i dag, der eg takkar for møtet, oppsummerer det vi gjekk gjennom, og påpeikar at vi er opptatt av at noko blir gjort så snart som mogleg, for å gjera krysset tryggare, seier Terje Søviknes.

Facebook-gruppa som har engasjert seg i saka har no 1383 medlemmar.

Her er nokre sitat frå medlemmer av gruppa:

"me bur rett med lepsøykrysset og blir forbanna..fleire ganger i veke e det nesten ulykker kor høyrer fløyting,bremsing og i verste fall statens utrykningsbiler..einaste gangen det var bra var når det var veiarbeid der og fartsgrensen var sett ned til 60 km/t..så håpa det blir gjort noke der!!"

"du må jo være stein vist du hvil ha rundkjøring der. for folk som klarer og kjøre er det et helt ok kryss. "

"Så då ser det ut til at det KAN muligens bli gjort noe med dette krysset, i løpet av 1-4 år.. Men dette vil jo ikkje akkurat endre forholdene for dem som kommer ut fra Lepsøykrysset, og skal svinge mot Os...??"

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.