midtsiden

Os 2-pulja er klar

Puljene for neste års 3. divisjon er klar. Os 2 kjem stort sett til å møta andre lag enn det A-laget spelte mot i 2009.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter Os sin siger over Austevoll 31. oktober blei det klart at både Os og Os 2 rykker opp. Puljene for 2. divisjon kom for rundt 10 dagar sidan, no er også 3. divisjon i Hordaland klar.

Os 2 hamna på plassen bak Øygard i 4. divisjon, og rykte opp med 50 poeng, eitt poeng framfor Valestrand Hjellvik. Varegg vann naboavdelinga i 4. divisjon med usle 39 poeng.

- Det er veldig kjekt at rekruttane våre får møta så mange gode lag, samstundes er dette ei avdeling eg trur vi kan hevda oss i, seier assistenttrenar på Os med hovudansvar for Os 2, Tore Nielsen.

Os hamnar blant anna i avdeling med Fyllingen, Brann 2, gamleklubben til A-lagstrenar Frank Hellevik, Baune, og klubben tidlegare Os-trenar Øyvind Nordtveit har trent opp i 3. divisjon, Øystese.

- Fleire av laga er nok også slike som lokkar ekstra med publikum til Kuventræ. Med A-laget i 2. divisjon og Os 2 i denne pulja får osingane sjå mykje spennande fotball i 2010, trur Nielsen.

OGSÅ FOR 4. DIVISJON, SOM BLANT ANNA FUSA HAR RYKT OPP I, ER AVDELINGANE DELT INN.
HER ER AVDELINGANE I 3. OG 4. DIVISJON 2010

3. divisjon avd. 15
Arna-Bjørnar
Baune
Bergen Nord
Brann 2
Fyllingen (frå 2. div)
Norheimsund
Odda
Os 2 (frå 4. div.)
Smørås
Vadmyra
Voss
Øystese (frå 4. div.)

3. divisjon avd. 14
Askøy
Austevoll
Bjarg
Hald
Hovding
Lyngbø
Løv Ham 2
Nordhordland
Sotra (ex Øygard, frå 4. div)
Tertnes
Varegg (frå 4. div.)
Vestsiden-Askøy

4. divisjon avd. 1
Austrheim (frå 5. div.)
Djerv (frå 3. div.)
Fusa (frå 5. div.)
Laksevåg
Loddefjord
NHH
Ny-Krohnborg
Radøy/Manger
Sandviken (frå 3. div.)
Valestrand/Hjellvik
Voss 2
Årstad

4. divisjon avd. 2
Bremnes
Erdal (frå 5. div.)
Follese (frå 3. div.)
Frøya
Gneist
Nymark
Orion
Solid frå (5. div.)
Telavåg
Trio (frå 3. div.)
Trott
Åsane 2

Fleire saker