Sport | 19. des. 2011

Os 2 vs Søre Neset

5. divisjon 2012: Os 2 møter både Søre Neset og Fusa i serien neste år.

Os 2 vs Søre Neset
Ørjan Håland avslutta førre Os-karriere med raudt kort i 4-0-siger i kvalik mot Hovding i 2006. Neste år møter han årets lagkamerat Tore Kinden frå Søre Neset. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. des. 2011 13:55

I dag kom oppsettet for 5. divisjon i Hordaland 2012. Os 2, som i fjor hamna på 6. plass i 3. divisjon, rykte i år ned til 5. divisjon.

Søre Neset har fleire år lagt på 1. eller 2. plass halvvegs i sesongen, men rykte ikkje opp til 4. divisjon i år heller.

Etter årets sesongslutt har spelarar som Anders Kinden, Ørjan Håland og Anders Kloven gått frå Søre Neset tilbake til Os. Neste år møter dei fleire tidlegare lagkameratar, ifølgje oppsettet for 2012.

Fusa held seg i femte

Fusa, som eigentleg rykte ned til 6. divisjon, fekk tilbod om å halda plassen sin i 5. divisjon, noko dei takka ja til.

Årsaka til at det blei plass til Fusa, som også hamnar i Os 2 si pulje, er at fleire lag ikkje har blitt påmeldt serien (Nest Sotra 2, Laksevåg 2 og Fyllingsdalen 4/eks Fyllingen 2).

5. divisjon avdeling 3 2012:

Bremnes (frå 4 div)
Fitjar
Fusa
Halsnøy
Kjøkkelvik
Lyngbø 2
NHH 2 (frå 6 div)
Olsvik (frå 6 div)
Os 2 (frå 4 div)
Rosendal
Søre Neset
Trott

Her er dei to andre avdelingene:

Avdeling 1
Austevoll 2
Bjarg 2 (frå 6 div)
Eidsvåg
Inter Bergen (frå 6 div)
Krabbetor (frå 4 div)
Kvernbit
Nordnes
Nordre Fjell
Ny Krohnborg
Skjergard (frå 4 div)
Tornado Bergen
Vadmyra 2

Avdeling 2
Apollo
Arna Bjørnar 2
Erdal
Fana 2
Flaktveit
Harding (frå 6 div)
Hetlevik
Norheimsund (frå 4 div)
Osterøy
Skansens (frå 6 div)
Trane
Vestsiden Askøy (frå 4 div)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.