Næringsliv | 16. okt. 2008

Os Asvo utvidar

Os Asvo AS sine 60 tilsette har fått betre plass til produksjon, og eit lunsjrom også andre kan ha glede av.

Os Asvo utvidar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. okt. 2008 08:07

Bildeserie:

1 av 5

− Lunsjrommet vårt kan leigast vekk. Det kan også delar av det nye produksjonslokalet, seier dagleg leiar Stein Ødemark.

Det starta som Gåssand Dagsenter i 1975, blei flytta til Oshaugen og kalla Oshaugen Produksjonsverkstad i 1988, og kom til Os Næringspark i 1997. I 1999 var det overgang til arbeidssamvirke i offentleg sektor (ASVO), og då med Stein Ødemark som dagleg leiar.

− Vi har sidan 1999 vakse frå 14 til 60 tilsette, og no har vi fått utvida frå 2150 til 3200 kvadratmeter, seier Ødemark om den tredje utvidinga på sju år. Firmaet har overtatt lokala Hodneland Bygginnredning AS flytta ut av.

Fleire store - og ein ny som glapp
Os Asvo produserer framleis produkter til sluttbrukar, som postkassestativ, strøkassar og tøflar. Men menga oppdrag for større industriverksemder veks mest.

− Vi produserer blant anna pokalar for Fagerthun, transportgods for Rolls Royce og gjengar metalldelar for Beme. For vår største kunde, Lyssand Treindustri, har vi ei rekkje oppdrag.

For Henrik J. Askviks Sønner har Os Asvo laga klar kjøljern og motorplate. Før utvidinga fekk dei også avtale om oppdrag relatert til båtinnredninger, men stopp i Askeladden-produksjonen gjer at ikkje heile det nye arealet blir tatt i bruk.

− Det var synd for oss begge, men vi satsar på å få aktivitet også i dei siste 500 kvadratmeterane, seier Stein.

Lunsjrommet i den nye avdelinga blir snart tatt i bruk. Dette rommar 60 personar, har eigen inngang, og kan også leigast ut til andre.

44 årsverk
Varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidspraksis i skjerma verksemd (ASV) er blant det Os Asvo har å by på. Dei 60 tilsette dekker 44 årsverk, og dei som jobbar for bedrifta der er både tilsett og kunde. Os Asvo tilbyr meiningsfylt arbeid og eit sosialt miljø, både til dei som er i attføring og til dei som vil bli verande.

− Vi har ti arbeidsleiarar, men elles flat struktur og lik løn uansett ansiennitet. Det skapar ro i organisasjonen, noko eg trur har vore medverkande til vår framgang, seier Stein Ødemark.

Bedrifta ligg an til å omsetja for like over 10 millionar kroner i år, der om lag 55 prosent er tilskot frå stat og kommune, resten resultat av sal av tenester og produkt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.