Sport | 07. feb. 2010

Os best i begge

Det er nesten to månadar sidan Os har trent på full bane. Likevel var dei sjølvsikre mot Ny-Krohnborg og Fana i dag.

Os best i begge
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. feb. 2010 21:24

Bildeserie:

1 av 4

Etter mange veker med nesten berre innetrening spelte Os i dag to treningskampar på Kuventræ. Truleg har ikkje Ny-Krohnborg eller Fana hatt mykje tid med ball heller, uansett var det Os som styrte begge kampane, også resultata var positive for heimelaget.

Os - Ny-Krohnborg: 4-2 (2-2)
Kampen starta med to raske mål imot, i 3. og 5. minutt.

- Even var skadd i ei skulder og klarte ikkje å slenga seg på skotet som kom. 0-2-målet kom på skot som blei fyrt av medan han plasserte muren, så det var også litt synd, seier trenar Frank Hellevik.

- Han burde ikkje spelt i dag, men er ein god og engasjert keeper på trening, og ein eg ser fram til å sjå meir av i kamp, legg Hellevik til.

Etter dei to baklengsmåla var det Os sin tur til å skåra, Stian Lunde reduserte i 22. minutt og Erik Kanestrøm utlikna tre minutt før pause. I 2. omgang skat Mats Lepsøe ein corner direkte i mål i 63. minutt medan Espen Kopperud heada inn 4-2 etter corner i 73. minutt.

- Ny-Krohnborg var godt med på notene i første omgang. Medan vi hadde kontroll med ballen i eige lag var dei farlege på kontringar. Men i 2. omgang såg det ut som om dei hadde løpt seg litt tomme, då overtok vi meir og meir.

Os sitt lag (4-3-3): Even Bjoarvik, John Ole Johannessen (h.b.), Baste Jonassen, Kristoffer Sande, Vegard Engelsen Moberg (v.b.), Stian Lunde, Vegard Leikvoll Moberg, Tom Skråmestø, Mats Lepsøe (h.k.), Ramo Racic, Erik Kanestrøm (v.k.).
Byte: Kjetil Hansen for Bjoarvik, Espen Kopperud for Engelsen Moberg, Sven Lyssand for Johannessen.

Os - Fana: 2-1 (1-0)
Mot ein av årets andredivisjonsmotstandarar opna Os med skåring av Tim Henrik Sperrevik etter fem minutt. Også i denne kampen blei det det noko jamt, med Os som best med ball i eige lag og Fana som farlege då dei slo langt eller kom med kontringar.

Os var sjølvsikre, offensive og styrte den delen av spelet som gjekk langs bakken. 1-0-leiinga sto seg til pause. I 2. omgang auka Os til 2-0 i 60. minutt ved Espen Valvik. Fana reduserte i 89. minutt.

- Dani klarte seg veldig godt i dag, det gjorde også Daniel Kalstad, meiner Hellevik.

Os sitt lag (4-3-3): Kjetil Hansen, Daniel Kalstad (h.b.), Dani Alvær Bergstø, Anders Glesnes, Remi Osebakken (v.b.), Tore Valvik, Frode Buvik, Preben Borgen, Christer Olsen (h.k.), Tim Henrik Sperrevik og Christian Almeland (v.k).
Byte: Espen Valvik inn for Olsen, Erik Kanestrøm inn for Tore Valvik og Kristoffer Sande inn for Glesnes.

Tropp og nye treningskampar
Grensene mellom Os, Os 2 og Os junior har blitt tynnare dei siste åra, og ifølgje Hellevik blir det knapt forskjell på A-tropp og B-tropp i år.

- Vi brukar mange spelarar på begge lag, og tar nok ut ein samla tropp på 30 utespelarar og 4 keeparar. Men også dei som ikkje blir blant desse 34 er spelarar vi ønskjer å ha med gjennom sesongen, det blir nok ikkje eit så endeleg uttak som det tidlegare har vore, seier Frank.

Blant dei som ikkje spelte i dag har vi Halvard Enes, som ikkje har vore i trening den siste tida, Anders Solberg Strønen og Torkel Hjertnes som er på fjellet, Per Søgnen Merai og Endre Brenne som er skadd, og MarcusDalland som er i militæret.

Os spelar to nye treningskampar i veka som kjem, onsdag mot Fyllingen, laurdag mot Nest-Sotra. I utgangspunktet skal begge gå på bortebane, men kampen mot Fyllingen onsdag blir kanskje flytta til Kuventræ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.