Os best i Hordaland
Os ungdomsskule vann i dag skulecupen i fotball.
Etter starten i vinter med 2-1 over Søfteland har Os ungdomsskule halde fram med å vinna.
Kvartfinalen mot Fjell måtte vinnast på golden goal, 2-1, men i semifinalen var dei suverene og slo Gneist 8-0 på Kuventræ.
I dag spelte dei finale på Nymark mot Lynghaug i Fyllingsdalen. Også der viste dei tydeleg kven som er best.
– Det blei litt trøblete i første omgang, men vi leia 1-0 etter skåring av Lars Erik Lunde før pause, fortel Aksel Skaar.
Aksel skåra sjølv 2-0-målet medan Adrian Walle sette siste spikeren i kista med si 3-0-skåring.
Talentutviklar i Hordaland fotballkrets og tidlegare Brann-spelar, svenske Magnus Johansson, delte ut pokalen til vinnarane frå Os ungdomsskule.
Os sitt lag: Øystein Takle Eide, Sander Kvittingen, Mikael Reed-Larsen, Adrian Valle, Erlend Storebø, Joakim Lyssand, Adrian Walle, Bjarte Halhjem, Aksel Skaar, Philip Moe Haugland, Stian O. Sande, Matias Lund Rød, Lars Erik Lunde, Thomas Kopperud, Tommy Breivik Andersen, Marius Bergesen og Emil Halver.