Kultur | 03. nov. 2020

Os blir vertsskap for brettspel-NM til helga

– Dette er annleis og nytt for oss, seier arrangementsjef i Oseana, Berit Steen.

Os blir vertsskap for brettspel-NM til helga
NM i brettspel. (Foto: Ole Jacob N. Thomassen, Osøyro Brettspelarlaug)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 03. nov. 2020 14:19

Førstkomande helg, laurdag og søndag, NM i brettspel i Oseana.

NM i brettspel blir arrangert kvart år, men for første gong skal det no arrangerast NM i lag eller klubblag. Seks lag kjem til Os, kvart av laga med fem spelarar.

– Vi trudde eigentleg at Oseana ville vera for dyrt. Vi blei positivt overraska då vi oppdaga at det var det jo ikkje, dei kunne tilby både lokale og matservering innafor våre budsjettrammer, seier Ole Jacob N. Thomassen frå Osøyro Brettspelarlaug.

NM i brettspel har tidlegare blitt arrangert i Kløvertun, men grunna koronarestriksjonar trengte dei større lokale.

Laga kjem frå Austlandet, Sørlandet, Rogaland og Vestland. Os og Geilo stiller med eigne lag.

NM i brettspel. (Foto: Ole Jacob N. Thomassen, Osøyro Brettspelarlaug)
NM i brettspel. (Foto: Ole Jacob N. Thomassen, Osøyro Brettspelarlaug)

Oseana på si side, synes det er stas med eit slikt arrangement.

– Vi synest dette er kjempegøy! Dette er annleis og nytt for oss, og det er eit artig konsept som passar godt inn i husets profil, der vi skal vere opne og inkluderande, seier arrangementsjef i Oseana, Berit Steen.

The Ninth Age

Det skal kjempast fem kampar i løpet av dei to dagane.

Kvar kamp vil vara i 3,5 time, og spelet som skal vinnast heiter «The Ninth Age». Spelet er ei vidareutvikling av det eldre spelet «Warhammer».

«The Ninth Age» blir spelt i både innland og utland, det blir årleg arrangert EM og VM, og det har vore 1-2 spelarar med frå Os på landslaget dei siste åra.

Arrangementet I Oseana er ope for publikum.

The Ninth Age
The Ninth Age

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.