Næringsliv | 27. apr. 2009

Os eller Polen?

Fredag bestemte styret i Askeladden Boats seg for å satsa på lokal produksjon - og for å starta så snart som mogleg.

Os eller Polen?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2009 08:15

Ingenting var sikkert før styremøtet i Askeladden Boats AS. Produksjonen skal starta snart, men ville det nye Askeladden-firmaet spara pengar med utanlandsk produksjon, eller skulle vi få drift også i første etasje i fabrikken igjen?

Lokal og solid
Styret gjekk fredag inn for å starta produksjonen så raskt som mogleg, lokalt i fabrikken på Os.

- Sjølv om eg og Mons Tore (Lyssand) tenkte likt om dette, kunne vi ikkje forskotera eit styrevedtak. No er eg glad
for at det blei som det blei, seier dagleg leiar Henrik Askvik.

- Det ville vore billigast for oss å starta produksjonen utanlands, men skal vi nå måla våre om å koma tilbake i same storleik som før må vi tenka langsiktig. Eit samla styre meiner ein solid base med lokal kompetanse og produksjon er nødvendig.

Polsk samarbeid
Model Art i Polen produserte både dei to Commuter-båtane og fire båtar i hovudserien til Askeladden. I førre veke var Henrik Askvik og hovudaksjonær Mons Tore Lyssand i Polen på bedriftsbesøk hos Model Art.

- Vi hadde ein veldig fin tur. Fabrikken har halvert talet på tilsette etter finanskrisa, men er i drift og har arbeid fram til sommaren, seier Askvik.

- Like sikkert som at vi startar med lokal produksjon vil vi halda fram med samarbeidet vårt med Model Art.

Ser fram til produksjonsstart
I førre veke skreiv vi om korleis Askvik har fått tilbake mange tidlegare tilsette i ny administrasjon. Vi snakka med nokre av dei i dag.

- Vi var spente, men heldt ein knapp på at det blei produksjon her heime, seier Yngve Drange.

Drange har ansvar for kvalitetskontroll og produktdokumetasjon, og ser saman med resten av administrasjonen fram til å sjå tidlegare kollegaer igjen.

Startar snarast
I første omgang reknar Askvik med 20 tilsette i produksjonen, 10 på støyping og 10 på montering. Produksjonsstart blir i månadsskiftet mai-juni.

- Eg har hatt kontakt med ein del tidlegare tilsette, men det er klart det no blir spennande å sjå korleis det går å få tak i dei 20 første som skal produsera for Askeladden Boats, seier Henrik Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.